Hopp til innhold

Fare for flaum og jordskred i Rogaland

NVE åtvarar om fare for flaum i 12 kommunar i Rogaland. I sju av kommunane kan det også gå jordskred.

Nedbør

Det har vore ein våt sommar på Vestlandet i år. (Arkivbilde).

Foto: Ståle Frafjord

– Det er venta mykje regn frå natt til måndag. Fleire stader er det venta 60-80 millimeter. Lokalt kan det koma heilt opp i 120 mm.

Gry Evensen

Gry Evensen er assisterande berredskapssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: John Gunnar Skien

Det opplyser Gry Evensen, som arbeider hos Fylkesmannen i Rogaland.

– Mange stader er vassføringa alt høg. Truleg vil den vera på det høgaste i løpet av tysdag, seier Evensen.

Ber kommunane passe på

Det er NVE, Norges vassdrags-og energidirektorat si varslingsteneste for flaum og jordskredfare, som nå gjer merksam på at langvarig og tung nedbør denne sommaren kan få alvorlege konsekvensar.

Søndag føremiddag hevar dei varselet til gult nivå for omlag halvparten av kommunane i Rogaland. I tillegg er det kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som får same beskjeden.

NorDan rammet av flom

Lund kommune er omfatta av flaumvarselet. Bildet er frå NorDan på Moi, som blei ramma av Synne-uvéret i 2015.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Flaumfare

Det er spesielt i Ryfylke og i Nord-Rogaland at NVE peikar på fare for flaum i Rogaland. I første omgang dreiar det seg om måndag og tysdag komande veke.

Det gjeld Tysvær, Vindafjord, Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand.

Lengre sør i fylket, gjeld det kommunane Sandnes, Gjesdal,Time, Bjerkreim og Lund.

Jordskredfare

Fare for at jord-og flaumskred kan skje, gjeld for sju kommunar i Rogaland. Det er spesielt mandagen som er utsett meiner NVE.

Varselet gjeld for Tysvær og Vindafjord i Nord-Rogaland, for heile Ryfylke og for Gjesdal kommunar.

Opprydding Hunnedalen

Eit svært jord-og steinras skjedde i Hunnedalen, våren 2016. Hunnedalen ligg i Gjesdal, som også er omfatta av jordskredvarselet.

Foto: Kaj Hjertenes