VIL HA ANSVARET SJØLV: Christin Svensen, leiar i Stavanger Svømmeclub.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK– Me stiller dårlegare og dårlegare samanlikna med andre byar i Noreg. Hallkapasiteten er dårleg, tilstanden på hallane er dårlege og treningstilbodet blir meir og meir avgrensa.
Leiaren i Stavanger Svømme Club, Christin Svensen, er frustrert over tilhøva i dei kommunale symjehallane i Stavanger. Til våren blir også opningstidene kortare, men kommunen seier dei ikkje har noko val.
IDRETTSSJEF I STAVANGER: Arne Tennfjord.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK– I dagens situasjon er det slik at me må redusera drifta på symjehallane for å redusera utgiftene knytt anlegga, seier idrettssjef i Stavanger kommune, Arne Tennfjord.
- LES OGSÅ:
Bassengsuksess i Oslo
Symjeklubben vil ta saka i eigne hender, og ynskjer å ta over drifta av ein av kommunen sine symjehallar. Kommunen har vore negativ til dette i lang tid, men i løpet av våren kan pipa få ein annan lyd.
For nokre dagar sidan var representantar frå kommunen på tur til Lambertseter svømmeklubb, for der er det nemleg klubben som driftar den lokale symjehallen.
Frank Pedersen, leiar i Lambertseter svømmeklubb, fortel at dei elleve åra med drift har vore gode år.
– Kommunen har spart pengar og symjeklubben har fått betre vilkår. Det kostar mykje å byggja ein symjehall, dermed blir det veldig viktig å utnytta symjehallane best mogleg, frå tidleg morgon til seint på kveld, seier Pedersen.
Dei har opne dører frå 05.30 om morgonen til 22.30 på kvelden.
– Lambertseter er vel blant dei få symjehallane i landet som faktisk går med overskot, seier Svensen i Stavanger Svømme Club.
- LES OGSÅ:
Stavanger Svømme Club må vaske bassenga sjølv etter bruk.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKPedersen fortel om kommunerepresentantar som likte det dei såg i tigerstaden.
– Representantane var veldig opne og positivt innstilt til å kanskje vurdera andre driftsmoglegheiter enn dei har på noverande tidspunkt når det gjeld drift av bassenga i Stavanger kommune, seier Pedersen.
Avgjerd til våren
Til våren skal saka på bordet til politikarane i Stavanger.
– Om me sparar mykje er for tidleg å seia noko om, men det vil fakta i saka avklara, seier Tennfjord.
Dette kan føra til at symjeklubben sjølv får råde i ein av hallane kommunen nå styrer bruken i.
– Det trur eg at me kunne tatt fatt i og laga eit godt tilbod, og hatt rett kompetanse på kanten slik at publikum fekk noko att.
SJÅ REPORTASJEN: Det er mogleg å bygga eit godt symjeanlegg i regionen til ein langt billegare penge enn eit storslått folkebad som har vore planen. I Bærum droppa dei eit dyrt signalbygg – og tenkte enkelt.