Hopp til innhold

Alle får etterløn utanom dei som jobbar i kiosken

Når ferjesambandet Stavanger-Tau vert lagt ned frå nyttår, får ikkje dei kiosktilsette tilbod om etterløn som alle dei andre som jobbar om bord.

Får ikkje etterlønn

Nina Steinsland (t.v.), Liv Jorunn Aalen Bøe og dei andre tilsette i kiosken på ferja som går mellom Stavanger og Tau, er såra og fortvila etter at dei fekk beskjed om at dei ikkje får etterløn, som dei andre tilsette på same ferjesamband.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me mister motivasjonen til å gå på jobb, fortel Nina Steinsland som har jobba i ferjekiosken i 27 år.

Steinsland har aldri jobba for nokon andre enn Norled, som driftar ferjesambandet, sjølv om ho har hatt fleire jobbtilbod opp igjennom åra.

– At me ikkje blir sett pris på er veldig rart. Me er dei første passasjerane går til om det er noko, og kiosken er hovudattraksjonen på ferja. I tillegg får me inn fleire tusen kroner kvar dag.

Etter beskjeden om at dei kiosktilsette ikkje får etterløn, har det vore tøffe dagar på jobb om bord på ferja.

Ikkje gøy å gå på jobb lengre

For Nina Steinsland og kollegaene hennar, er det ikkje kjekt å gå på jobb lengre.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Om dei ikkje bryr seg om oss. Kvifor skal me bry oss om jobben og arbeidsplassen vår?

Steinsland innrømmer at saka har gått hardt inn på ho.

– Me veit at det er slutt, me veit at me mister jobbane våre. Eg veit ikkje kva eg skal gjera etterpå, og det er skummelt.

Stor merksemd

Det var FriFagbevegelsen som først skreiv om saka, og etter dette har dei tilsette fått mykje støtte.

– Me er rørt over alle som tar kontakt, seier Steinsland

Dei tilsette i kiosken og hovudtillitsvald i Norled, Ove Kaland, har tatt opp saka med reiarlaget utan hell.

God kundeservice

Nina Steinsland mister jobben etter 27 år, men vil ikkje la skuffelsen over leiinga gå ut over kundane.

Foto: Magnus Stokka

Kaland har blant anna argumentert for likebehandling av dei som jobbar på ferja.

– Eg er skuffa over at dei som jobbar i kiosken ikkje blir behandla likt som resten av mannskapet. Det står fram for meg som at reiarlaget behandlar dei som B-laget, seier han til FriFagbevegelsen.

«Lett å erstatta»

Norled har gått med hundre millionar kroner i overskot dei siste åra. Likevel vil dei ikkje betala ut kring 1,2 millionar i etterlønn til dei kiosktilsette.

Tauferja legger til i Stavanger

Tauferja legger til kai i Stavanger-

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Reiarlaget vil ikkje stille opp i eit intervju med NRK, men i ein sms får me dette svaret:

– Dette har me bestemt ut frå objektive kriterium, og det vil alltid vera ein diskusjon på kor me skal sette grensa. I denne saka har me hatt ein god prosess og dei tilsette har hatt god tid på å finna ny jobb frå 2020, skriv kommunikasjonsdirektør Marianne Frønsdals.

Til Frifagbevegelsen seier leiinga at grunnen til at dei andre yrkesgruppene er tilbode etterlønn er at reiarlaget er redd folk med fagleg kompetanse vil slutte i jobbane sine før tida. Dei kiosktilsette er enklare å erstatte, dessutan kan ferja driftast utan dei.

Flere nyheter fra Rogaland