Hopp til innhold

Fann tjuvgods i skulegarden under ryddeaksjon

13 år gamle Martin Elnes fann bevismateriale frå eit bussran i Stavanger i natt. Politiet rosar ungdomsskuleeleven for at han ikkje kasta det i boset.

Veska

I natt vart ein buss rana i Stavanger og myntveska vart stolen.

Foto: Politiet

Martin Elnes

Martin Elnes fant tjuvgods då han rydda skulegarden.

Foto: Privat

– Eg og to andre elevar var ferdig å rydde i Niels Juels gate, og så byrja eg å rydde i skulegården.

Dei var med på NRKs ryddeaksjon «Heile Rogaland rydder», og Martin Elnes (13) gjorde eit funn ganske utanom det vanlege i skulegarden på Kannik Ungdomsskole i Stavanger.

– Eg fann ei metallgreie rett ved ein benk midt i skulegården. Eg visste ikkje kva eg skulle gjere med den, så eg leverte den til læraren. Litt seinare oppdaga ein kompis at det plutseleg stod ein politibil i skulegarden.

Bussran i Stavanger

Ein buss vart rana på Madlaveien i Stavanger i natt.

Foto: Leserbilde

Må levere tilbake alt av verdi

Odd Tveit Jørgensen

Odd Tveit Jørgensen, politistasjonssjef i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø

Politiinspektør Odd Tveit Jørgensen kunne verkeleg kome med ei gladnyheit i dag. For i natt var det nemleg eit bussran i Madlaveien, og den mystiske metallgjenstanden var ein myntdispensar som heng på bilettveskene bussjåførane bruker.

– I Samband med at Kannik skule var med på «Heile Rogaland rydder» i dag, så fann ein elev billettveska som vart stole frå den bussen i går.

Han seier at politiet er svært takknemlege for at tjuvgodset vart levert inn til dei.

– Eg har ikkje noko informasjon om innhaldet enno, men det er mest sannsynleg den veska som stammar frå det ranet.

Læraren som tipsa

– Veska var heilt tom då vi fann han, seier Elnes.

Det var læraren som fortalde ungdomsskuleeleven om kvifor politiet var i skulegården.

– Dei sa det var den delen til veska som var tatt frå bussen i natt. Eg visste ikkje noko om det bussranet, det var læraren min som hadde lest det i avisa. Ho ringde politiet og tipsa dei, seier han.

Veske
Foto: Politiet

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg