Fakkeltog til minne om dei drepne

Svært mange folk stod saman i fakkeltog i heile landet i dag. I Rogaland møtte over 100.000 menneske opp.

Kristine Gramstad

Kristine Gramstad i Rogaland Ap blei rørd over det store oppmøte til fakkeltoget i Stavanger.

Foto: Thomas Ystøm / NRK

Måndag klokka seks byrja fleire markeringer over heile landet med nedlegging av blomar og fakkeltog.

Oppmøtet var overveldande, og i blomsterbutikkane i Stavanger måtte folk kjøpa potteplantar sidan dei blei utselde for blomsterbukettar. Offera etter skytinga på Utøya og bombeeksplosjonen i Oslo blei minna og folk delte sorga si.

Hadde ikkje trudd det var mogleg

– Dette er veldig rørande. Tårene mine byrjar nesten å trilla av å sjå at så mange stiller opp på denne måten for å visa samhald, seier Kristine Gramstad i Rogaland Arbeidarparti.

Ho hadde ikkje trudd at det var mogleg med eit så stort oppmøte i Stavanger. Politiet opplyser at så mange som 75.000 personar totalt møtte opp i Stavanger.

Ifølgje eldrer på staden skal det ikkje ha vore fleire folk samla i Stavanger sentrum sidan fredsdagen i 1945.

Men det var ikkje berre i Stavanger oppmøtet var stort. I Haugesund skal det ha vore så mange som 20.000 personar i sentrum. Og i Eigersund blei det meldt om 3.000 personar.

Nadia Sheikh

Nadia Sheikh frå Stavanger sette i gang planlegginga av fakkeltoget på Facebook. Fleire tusen melde i løpet av kort tid si interesse.

Foto: Morten Wiik Larsen / NRK

For alle desse tre byane i Rogaland er også markeringa ekstra spesiell. Dei saknar nemleg ein ungdom kvar etter Utøya-massakren.

Kristine Gramstad hadde med seg tre roser under fakkeltoget i dag. Ei for kvar ungdom i Rogaland som ikkje er funnen.

– Eg er framleis i sorgprosessen. Mange av dei som var på Utøya står meg veldig nær, seier Gramstad.

– Framleis vanskeleg å ta dette innover seg

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa er ei av dei som har møtt opp i Stavanger.

– Det er framleis vanskeleg å ta dette innover seg, seier ei rørt Magnhild Meltveit Kleppa til NRK.no.

Ho har i dag jobba i provisoriske kontor hos Jernbaneverket på Stortorget etter bomba som råka Regjeringskvartalet.

Rosar statsministeren

Den siste tida har vore hard med sterke historier frå kollegaer som opplevde bombinga, og med alle dei grufulle historiene frå Utøya. Likevel har ho hatt det roleg i forhold til sin regjeringskollega Jens Stoltenberg, som ho rosar svært mykje:

– Jens har takla denne vanskelege situasjonen svært godt. Han har vore til stades for oss alle, seier Kleppa.

Ho valde å reisa heim til Rogaland når ho skulle delta i fakkeltog. Frå Rogaland AUF var 33 ungdommar på Utøya, tre av desse er sakna.

– Eg vil visa medkjensle og omtanke. Eg vil også gje mi støtte til den openheita som pregar samfunnet vårt med å delta i dette fakkeltoget, seier Kleppa.

Statsminister Jens Stoltenberg blir intervjuet etter å sett på de store ødeleggelsene

Jens Stoltenberg blir intervjua av eit fulltalig pressekorps. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa rosar måten kollegaen hennar har handsama dei to terrorangrepa på.

Foto: Grøtt, Vegard / Scanpix