Konstituert politimeister i Rogaland politidistrikt, Karsten Monsen er skuffa over at ikkje fleire har teke kontakt.
Han påpeikar at dei vil ha kontakt med alle som var på NSB-bussen som gjekk ti på to frå Stavanger til Sandnes natt til laurdag.
Dei vil og ha kontakt med alle som var i området frå kebabkiosken og 7-11 kiosken i Ole Bulls gate og til undergangen ved den gamle jernbanestasjonen i Sandnes rundt klokka halv tre.
I følgje Karsten Monsen var overfallet ein valdtekt i juridisk forstand. Kvinnen vart truga og skadd med kniv.
Det er fleire likskapar mellom denne saka og drapet på Bryne for tre veker sidan, men Monsen understrekar at dei ikkje kan slå fast at det er samanheng.