Her er dei utvalde esela frå Ullandhaug i Stavanger. Saman skal dei tippa korleis Rogaland-laga gjer det i eliteserien 2012.
Sandnes Ulf er nykomar i eliten og fekk derfor eselet som berre er eitt år gamalt.
FK Haugesund sitt esel er sju år gamalt.
Viking, som har mest erfaring i eliteserien, fekk det eldste eselet på 24 år.
Slik ser mathaugane esela skal velja mellom ut. Totalt er det seksten, som kvar representerer ei plassering på tabellen.
Her har esela talt. Det skulle vise seg at dei ikkje var særleg trufaste mot mathaugen sin, men den første maten dei forsynte seg av var det som avgjorde resultatet.
Om FKH hamna sist på tabellen, hadde haugalendingane i alle fall det svoltnaste eselet.