– Vi fekk melding i kveld om at det er blitt observert ein drone utanfor Sleipner A, seier operasjonsleiar Roger Litlatun i politiet til NRK.
Sleipner A er ein integrert bore-, produksjons- og bustadplattform i Nordsjøen.
Det var Equinor som først varsla politiet rundt klokka 20.30 i kveld.
Det var VG som først meldte om observasjonen.
– Observert noko som kunne minne om ei drone
Det var personar på plattforma som gjorde observasjonen.
– Dei har observert noko som kunne minne om ei drone. Meir detalj kan eg ikkje gi, seier Litlatun.

Sleipner er et område med naturgass og kondensat i Nordsjøen.
Foto: Ole Berg-RustenHan seier vidare at dei er ekstra årvakne når det gjeld slike saker, og at det har rutinar for korleis dei handterer det.
– No har vi varsla internt til dei som skal varslast, og dei vil jobbe vidare med dette.
– Vi har interne varslingsrutinar som vi gjennomfører ved droneobservasjonar, held han fram.
Fleire droneobservasjonar dei siste vekene
Litlatun seier vidare at dei ikkje har fått nokre opplysningar som tilseier at observasjon vil påverke drifta ved plattforma
Pressetalsperson Magnus Frantzen Eidsvold i Equinor seier dei ikkje uttaler seg om eventuelle observasjonar av omsyn til tryggleiken.
– Vi deler ikkje detaljar knytt til eventuelle observasjonar rundt våre anlegg og installasjonar, seier Eidsvold til NRK.
Rutinen er å varsle politiet og havindustritilsynet, og selskapet held seg til seg til dei, seier han.
– Vi oppmodar våre medarbeidarar til å ha ein viss årvakenheit gitt omstenda vi har. Slik har det vore ei stund.
De siste vekene har det vore fleire droneobservasjonar fleire stader.
Dronar observerte i Danmark og Noreg førte til at Kastrup lufthamn og Oslo lufthamn måtte halde stengt i fleire timar i slutten av september 2025.
Sidan har fleire droneobservasjonar stengt flyplassar og luftrom.
Seint søndag kveld måtte eit Norwegian-fly på veg frå Oslo til Bardufoss snu etter droneobservasjonar. Det har også vore fleire observasjonar både i Troms og Finnmark.






