EM-sølv til Stavanger-bowler

Stavangermannen Tore Torgersen fekk med seg ei sølvmedalje frå EM-konkurransen i bowling i Aalborg i Danmark.

EM-sølv i bowling til Tore Torgersen

EM-medaljør Tore Torgersen står i midten. Trenar Sverre Lund til venstre og sportsjef i Erik Garder til høgre i bildet.

Tore Torgersen frå Stavanger har ei lang karriere som profesjonell bowlingspelar. Han debuterte på det norske landslaget 16 år gammal i 1984 og blei verdsmeister i Abu Dhabi i 1999. I mange år etterpå det høyrde han til verdseliten og tok gull i World Master-turneringa i både 2002 og 2004.

Har blitt svenske

Tore Torgersen på seierspallen under EM i bowling i Danmark

Tore Torgersen på seierspallen under EM i bowling i Danmark. Martin Larsen frå Sverige vann konkurransen.

LES OGSÅ: Bowling-legenden Tore treffer selv i blinde

Nå har Torgersen flytta til Sverige og spelar for eit bowlinglag der.

I EM i Aalborg i Danmark deltok 185 spelarar. I tillegg til EM-sølvet til Torgersen i Masterfinalen, så kom det norske fem-mannslaget på 5. plass i konkurransen.