Hopp til innhold

Ein av sju går i kyrkja på julaftan

Stadig færre besøker kyrkja når jula blir ringa inn viser tal NRK har henta inn. I Rogaland er det berre ein av sju personar som vitjar statskyrkja for å feira at Jesus fødsel.

Cities for life Stavanger Domkirke

Færre og færre tar turen til kyrkja i Rogaland på julaftan. I domkyrkja er det likevel fulle gudstenester.

Foto: Ole Andre Lagmandokk / NRK

«Eg må bli heime å laga mat.», «Eg spelar i kyrkja med korpset, men ville ikkje gått der elles.», «Eg gjekk før men har ikkje gjort det dei siste åra.». Dette er alle reaksjonar NRK får når me spør folk på gata i Stavanger om dei går i kyrkja på julaftan.

Ståle Frafjord snakkar med Astrid Holgersen og Lise Åk om julegudstenesta.

Nedgang på 4300 personar

– Det er ikkje skikkeleg jul utan julegudstenesta, då tenker eg spesielt på songane, seier diakon Inger Liv Thaule i Domkyrkja i Stavanger.

Likevel er det ikkje alle som delar dette synet med ho. Dei som vil starta julefeiringa med juleevangeliet og «Deilig er jorden» i kyrkja blir færre og færre.

I fjor gjekk 62 500 personar i gudsteneste på julaftan. Det er ein nedgang på 4 300 på tre år og det er i ein periode med sterk auke i folketalet i Rogaland.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Forskjell mellom by og land

– Det blir som regel heller til at eg lagar maten som skal bli klar til kvelden, seier Lise Åk, som ikkje høyrer til ein av dei sju.

Både ho og veninna Astrid Holgersen har eit forhold til julegudstenesta frå tidlegare. Men nå held det å høyra gudstenesta i radioen seier Holgersen.

– Eg trur folk har det for travelt til å gå i kyrkja, seier ho.

Det er framleis forskjell mellom by og land. I Stavanger droppar heile ni av ti kyrkja. Det er på grunn av at mange nye tilflyttarar ikkje feirar jul, eller høyrer til andre trussamfunn.