Amanda Hetland starta Ben's kafe på 1960-talet saman med mannen sin.
Plasseringa ved E39 på Helleland gjer at trailersjåførar frå heile Europa har vore på vegkroa. Ho var kjent for sine rause porsjonar med middag og heldt fast med at kokekaffi var best.
I reportasjen, som blei laga av John Skien og Hallgeir Skretting i 1991, fortel trailersjåførar frå heile landet at Amanda er som ei mor for dei.
Laurdag 1. juni 2013 døydde Amanda, ho var då 90 år gamal.
Tidlegare vist i Rogaland retro:
Send inn tips
«Rogaland Retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.