Hopp til innhold

– Slik ville dei rike bu i 1989

Sjå reportasjen frå 1989 – då St. Olav-blokkene var toppmoderne og Sola kunne by på eit unikt butilbod.

Sjå reportasjen frå 1989 – då St. Olav-blokkene var toppmoderne og Sola kunne by på eit unikt butilbod.

►ROGALAND RETRO: Innslaget gjekk på NRK Rogaland 6. desember 1989.

Dette innslaget blei laga av Toril Våland i 1989, og me får eit møte med to supermoderne bustadblokker. Florida i Sola og St. Olav-blokkene i Stavanger.

Begge bygga fungerer framleis som bustadblokker, men Florida har fjerna namnet, og konseptet er ikkje lenger det same. Bassenget er bytta ut med terrasse og det er ikkje berre einslege og nyskilde som bur der.

Videoen er den første i serien «Rogaland Retro». Her blir TV-innslag frå arkivet lagt ut kvar fredag på nettsidene våre.

Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.

Rogaland retro

Kvar fredag legg NRK Rogaland ut eit arkivklipp i serien Rogaland retro.

Foto: Mathias Oppedal / NRK