Hopp til innhold

Dømd for å ha smitta ekskona med hiv

Ein mann i 40-åra frå Haugalandet er dømd til fengsel i eit år og tre månader for å ha smitta ekskona med hiv. Mannen må også betale 220.000 kroner i erstatning. Bakgrunnen for dommen er at mannen sa til ekskona at han var frisk etter hivsmitten, trass i at prøvene han hadde teke på det tidspunktet viste at han var svært smittefarleg. Han sa at forholdsreglar mot smitte ved samleie ikkje var nødvendig, og gjennomførte deretter samleie. Ekskona blei som følge av dette smitta med hivviruset. Haugaland og Sunnhordland tingrett meiner mannen har oppført seg særleg omsynslaust og har vore likegyldig til om ekskona skulle bli smitta eller ikkje.