Hopp til innhold

Diskusjonane på Facebook blir så harde at politikarane er redde det skadar demokratiet

Debattklimaet i Karmøy er til tider så utfordrande at politikarar sluttar og nye ikkje tør å engasjere seg. Forskar Hilde Bjørnå ser ei auka polarisering i norsk lokalpolitikk.

Mobiltelefon

HARDE DISKUSJONAR: Lokalpolitikarar tyr til sosiale medium for å ytre seg. Det fører til eit hardare diskusjonsklima og polarisering.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det er hendingar som har skjedd både på talarstolen, i det offentlege rom og ikkje minst i sosiale medium som vi godt kunne vore forutan, seier Ap-politikar Jarle Nilsen i Karmøy.

Karmøy-ordførar Jarle Nilsen

Jarle Nilsen (Ap).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han sit i kommunestyret og har tidlegare vore ordførar.

– Det er greitt at vi vil fremme våre syn, men vi må vere nyanserte. Ikkje ta ordet for å provosere fram ulike handlingar og synspunkt, seier han.

Fleire politikarar NRK har snakka med reagerer på korleis kollegaer oppfører seg i Karmøy-politikken. Særleg i sosiale medium.

Las på Facebook at han dreiv med korrupsjon

Sp-politikar Tor Asle Grønningen opplever at usemjer i kommunestyret blir innhald på Facebook. Ein gong kunne han lese at han dreiv med korrupsjon.

– Til tider les vi på Facebook etter at møta er slutt at det og det skjedde. Vi blir gitt meiningar og det kjem litt halvsanningar. Det er unødvendig, seier han.

Tor Asle Grønningen med mobilen i hånda

– Ein tendens eg ser i karmøypolitikken er at ein slenger ut ein påstand og så girar kommentariatet opp saka og sporar aldeles av. Det har eg sett i fleire samanhengar, seier Tor Asle Grønningen (Sp).

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

I fleire samanhengar opplever Grønningen at politikarar hiv ut påstandar, og så girer kommentarfeltet opp saka til det til slutt har spora heilt av.

Både Nilsen og Grønningen meiner debattklimaet har ført til auka polarisering i karmøypolitikken.

Men det er ikkje unikt for Karmøy.

Diskusjonane blir hardare

Hilde Bjørnå er professor i statsvitskap på Universitetet i Tromsø. Ho har forska på lokalpolitikarar og sosiale medium.

Det er ikkje berre i Karmøy politikarane opplever auka polarisering.

Hilde Bjørnå, professor i statsvitenskap ved UiT Norges arktiske universitet.

Professor i statsvitskap, Hilde Bjørnå.

Foto: August Hansen / NRK

– Det vi har sett i forskinga er at sosiale medium har ført til sterkare meiningsytringar, hardare diskusjonsklima og dermed ei auka polarisering i lokalpolitikken i Noreg, seier ho.

Men å diskutere saker på Facebook har konsekvensar for demokratiske prosessar, meiner ho.

– Facebook er utruleg dårleg egna til diskusjonar og til å utbrodere komplekse problem. Du får ikkje diskutert med dei som skal ta avgjerdene og vege argumenta fram og tilbake på ein politisk arena. Dei diskusjonane får du ikkje dersom du berre snakkar med dine meiningsfeller på Facebook, seier Bjørnå.

Politikarar sluttar, nye tør ikkje engasjere seg

Samtidig er Facebook positivt for lokalpolitikarane, fordi dei får ein arena til å forklare seg sjølv og kva dei eigentleg meiner, ifølge forskaren.

Men blir diskusjonane der for harde, kan ein bli handlingslamma.

– Vi har sett eksempel på at dersom det blir veldig harde frontar kan ein bli redd for å handle politisk. Det er ei veldig stor ulempe, seier Bjørnå.

Hets er ei anna og går utover representasjon, viser forskinga hennar.

I Karmøy ser Jarle Nilsen at ytringsklimaet har gjort det vanskeleg å få inn nye namn i politikken.

– Det såg vi då vi skulle rekruttere nye folk på listene våre til det lokale valet. Fleire takka nei fordi dei syntest miljøet er for tøft, seier Nilsen.

I tillegg var det personar som ønska å slutta fordi belastninga blei for stor, ifølge Ap-politikaren.

– Burde politikarane i Karmøy hatt eit kurs i bruk av sosiale medium?

– Vi har hatt dette temaet oppe i kommunestyret, og politiet har vore inne og snakka om lovverket. Så dette er eit fokus som har vore og som framleis er i karmøypolitikken, seier Nilsen.

Rune Midtun

Frp-leiar Rune Midtun.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Frp er det største opposisjonspartiet i Karmøy. Leiar Rune Midtun seier til NRK at medlemmene deira har klare instruksar om at ein ikkje skal henge ut andre parti eller politikarar på sosiale medium og legg til:

– Eg registrerer at andre parti er veldig raske med å uttrykke seg negativt om oss. Men vi kallar ein spade for ein spade. Er du med i politikken, må du tole at andre meiner noko anna enn deg, seier han.

– Men kva tenker du om at nye ikkje vil engasjere seg fordi dei opplever debattklimaet som altfor tøft?

– Eg synest ein beskriv det litt verre enn det er. Eg oppfattar det ikkje så ille, seier han.

Ønsker betre samarbeid

Ordførar Leiv Arne Marhaug (H) held seg stort sett vekke frå Facebook og har ikkje opplevd debatten der.

Han ønsker at partia skal snakke betre saman. Fysisk.

Leiv Arne Marhaug

Ordførar Leiv Arne Marhaug (H) trur ikkje debattklimaet i Karmøy er tøffare enn i andre kommunar, men meiner dei bør snakke betre saman på tvers av partia.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Kanskje vi kunne samarbeide betre på tvers av alle desse partiskiljelinjene. Det blir mykje mi sak og mitt parti, i staden for å sjå på kva det er som eigentleg gagnar kommunen, seier han.