Hopp til innhold

– Det er ikkje den første olja akkurat, men kanskje den andre

SOLA (NRK): I denne krukka ligg noko av det næringsminister Iselin Nybø har brukt pengar på når ho har auka pengestøtta til næringsretta forsking.

Iselin Nybø med plastpellets

DEN FØRSTE PRODUKSJONEN: Næringsminister Iselin Nybø fekk den første krukka med industrielt behandla havplast i stor skala.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Rett før koronakrisa blei det produsert to tonn med ein heilt spesiell plast i Noreg.

– Dette er den første produksjonen av hundre prosent eigarlaus havplast, produsert i industriell skala, seier Lars Urheim, dagleg leiar i møbelprodusenten Ope, som står bak prosjektet.

Lars Urheim

Lars Urheim er møbeldesignar og har store forventningar for kva dei kan få til i havplastprosjektet Ope har saman med fleire andre bedrifter.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Den andre olja

Han møter næringsminister Iselin Nybø på Solastranda i Rogaland, og overrekker henne ei krukke med 200 gram av dei svarte plastkulene.

Kulene stammar frå kysten i Nord-Noreg, der den frivillige organisasjonen «In the same boat» plukka søppel. Søppelet dei fann blei sortert, og vidare blei plasten malt opp til kuler.

Desse kulene kan brukast til å støypa nye produkt i plast.

– Det er ikkje den første olja akkurat, men kanskje den andre, seier næringsminister, Iselin Nybø, om dei mørke plastkulene.

Kvaliteten er ikkje den beste, men Ope jobbar nå saman med partnarar med å utvikla produkt som han likevel kan passa til. Dei forskar også på å finna ein forretningsmodell og ei verdikjede som gjer at dei kan tena pengar på det.

Men alt dette kostar pengar. Då bedrifta fekk eit skot frå baugen under koronakrisa, var dette eit av prosjekta som hang i ein tynn tråd. Og det er derfor næringsministeren kom på besøk.

Rydder havplast

Målet til Urheim er at havplast kan bli ein råvare som det går an å tena pengar på. Dette vil i så fall vera ein verdikjede som gir eit negativt miljøavtrykk.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Meir pengar til forsking

For at bedrifter ikkje skal avslutta forskingsprosjekt i krisetider, har regjeringa auka pengestøtta til næringsretta forsking gjennom Noregs forskingsråd med 250 millionar kroner.

– Dette er også viktig for at me skal kunne halda oppe tempoet i det grøne skiftet. Finne nye bein å stå på, seier ho.

For Ope har koronakrisa betydd ein auke i støtte frå Forskingsrådet frå om lag 2,6 millionar til 3,5 millionar kroner.

– Det er slike ting me må støtta i den fasen dei er i nå. Er det ein ting me veit så er det at me ikkje kan roa ned på det som handlar om forsking og innovasjon. Der må me heller gi gass, då kan me koma styrka ut, seier Nybø.

Iselin Nybø og Lars Urheim

Næringsministeren møtte møbelprodusenten på Solastranda når ho var nyrydda. Møblene Urheim hadde rigga er ikkje laga av havplast, men er del av ei panteløysing for at dei ikkje skal enda opp som søppel.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Skal kunne spora plasten

Om plastkulene på kontoret hennar blir eit av dei nye beina landet skal stå på, er uvisst, men Urheim er i alle fall sikker på at det er noko verda treng.

– Me prøver å få til å veksa med eit negativt miljøavtrykk i det me kallar ein regenerativ økonomi. Me skal tena pengar på å rydda opp i naturen.

Eit viktig poeng med plastproduksjonen deira er at plasten skal merkast slik at han kan sporast.

– Då kan me dokumentera at plasten faktisk kjem frå strendene, og at det ikkje er plast som nokon seier dei har rydda for å tena pengar på eit godt grønt rykte, seier han.