Trommeslagar Stewart Copeland (t.v.) her frå omslaget til The Police si debutplate i 1979 – 'Outlandos d'Amour'. Dei andre medlemmene i bandet er Andy Summers og Sting.
Foto: PlatecoverI dag offentleggjorde Stavanger Symfoniorkester at dei i mars vil blanda akustisk og elektrisk musikk i det nye konserthuset.
Med seg på laget har dei fått gitarist Alf Terje Hana, «Athana», frå Stavanger. Og sjølvaste Stewart Copeland, som er kjend som trommeslagaren frå The Police, som herja hitlistene på 80-talet.
– Noko grunnleggjande merkeleg
Dette blir første gongen Copeland besøker Norge, i 2008 avlyste The Police ein konsert som var planlagd på Valle Hovin.
– Eg kjenner ikkje til norsk musikk, men eg likar å spela saman med orkester. Når det i tillegg er eit kult og rart band blir det endå lettare, seier Copeland til NRK.no.
(Artikkelen fortsetter under bildet.)
Øyvind Grong, Torgeir Nes og Alf Terje Hana får hjelp av en kvartett fra Stavanger synfoniorkester.
Foto: Øystein Otterdal / NRKHan meiner det er noko grunnleggjande merkeleg med «Athana» sin musikk, og det er det som tiltrekk han.
Også kommunikasjonssjef i Stavanger Symfoniorkester, Gaute Aadnesen berre lovord å koma med om «Athana».
Planlagt sidan 2009
– Hana er kjent for sitt eksperimentelle gitarspel og utforskande komposisjonar.
– Han utfordrar dei etablerte musikksjangrane, og har utvikla eit eige uttrykk i grenseland mellom jazz, improvisasjon, elektronika, støy og tidlaust gitarrock, skriv Stavanger symfoniorkester i ei pressemelding.
Ideen om å kopla Athana med SSO oppstod allereie i 2009, og mannen som har fått i oppgåve å ’rekomponera’ musikken til orkesterformat er Helge Sunde, som har stor erfaring med slike prosjekt.