Hopp til innhold

Følgde ikkje smittetiltak: Burger King i Stavanger blei hastestengd

Nå meiner smittevernoverlegen i Stavanger at utelivsbransjen bør ha eigne smittevernvakter. For strengt, svarer restauranteigar.

Torget i Stavanger

STENGT: Burger King i Stavanger sentrum blei stengd natt til søndag fordi restauranten ikkje overheldt retningslinjene for avstand mellom kundane, ifølge Stavanger kommune (arkivfoto).

Foto: Thomas Ystrøm

Burger King i Stavanger sentrum blei hastestengd natt til søndag etter brot på smittevernlova.

– Restauranten blei stengd fordi dei ikkje overheldt retningslinjene for avstand mellom kundane, opplyser pressekontakt i Stavanger kommune, Øyvind Berekvam.

Burger King i Stavanger fekk eit varsel om brot på smittevernlova dagen før utestaden blei stengd.

Det skjedde på bakgrunn av ein kontroll natt til laurdag, ifølge Stavanger kommune.

Natt til søndag blei altså restauranten stengd.

Fekk varsel

Øyvind Berekvam, musikkbloggar

Pressekontakt i Stavanger kommune, Øyvind Berekvam.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I Stavanger er det første gong ein utestad blir stengd for ikkje å overhalda regelverket etter koronautbrotet.

– Alle restaurantane og skjenkestadene har fått ei skriftleg rettleiing om smittevern før dei opna igjen. Dei som ønskte hadde òg moglegheit til å ha eit møte med kommunen, seier smittevernoverlege Runar Johannessen i Stavanger kommune.

Ifølgje retningslinjene skal utestaden sørge for at besøkande og personell kan halde minst ein meter avstand til kvarandre. I tillegg må det vera rutinar for god hygiene og godt reinhald.

– Me har hatt kontrollar kvar veke for å sjå til at retningslinjene om smittevern blir overhalde, seier Johannessen.

– Bør ha eigne smittevernvakter

Runar Johannessen

Smittevernoverlege i Stavanger kommune, Runar Johannessen.

Foto: Stavanger Medisinske Senter

Smittevernoverlegen i Stavanger meiner utelivsbransjen bør innføra eigne vakter som kan ha kontroll med kor mange som går inn i lokalet.

– Det er ei utfordring å halda seg til retningslinjene når det er så lite smitte som det er nå, men me veit ikkje korleis dette utviklar seg. Blir det ein ny topp, må det vera mogleg å spora opp dei som har hatt kontakt med den smitta, seier Johannessen.

Men ifølge restauranteigar og ein av dei største utelivsaktørane i Stavanger, Arne Joakimsen, blir eigne smittevernvakter for strengt.

– Me er veldig nøye med å følgja smittevernreglane. Eigne smittevakter i tillegg høyrest noko overdrive ut. Det skal vera hyggeleg å gå på restaurant også, seier Joakimsen.

Han legg til at det er hyppige kontrollar på utestadane.

Burger King: – Ser på tiltak

Burger King innrømmer at det blei for mange menneske på same tid på restauranten i Stavanger i helga.

Dei seier dei generelt har strenge krav til hygiene og at dei har sett inn fleire smitteverntiltak.

– Me tar sjølvsagt hendinga i Stavanger på aller største alvor. Me kan unngå liknande situasjonar og ser straks på tiltak me kan setja i verk, seier marknadssjef Heidi Moss i King Food.

Det kan for eksempel vera å gå tilbake til å halda ope dag og kveld, vakthald når det er venta mange gjester og differensiert inngang og utgang, slik at det blir einvegsgang gjennom restauranten, ifølge marknadssjefen.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg