Hopp til innhold

Bubil i sjøen ved Tungenes fyr

Det blei sett i verk full redningsaksjon etter at ein bubil hamna i sjøen ved Tungenes fyr i Randaberg. Det var ingen personar i bilen.

Bobil Randaberg

I midten av biletet ser du bubilen (inne i den raude ringen). Dett er nokre hundre meter frå land.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Klokka 18.57 fekk politiet melding om ein bubil som hadde køyrd i sjøen utanfor båthamna ved Tungenes fyr i Randaberg i Rogaland.

Det blei sett i verk redningsaksjon og det var ei stund uvisst om det var personar i bilen.

Redningsskøyta «Sjømann» blei sendt til staden saman med dykkarar frå brannvesenet.

Ei rekkje andre ressursar blei sett inn i søket etter bilen som flaut i sjøen eit stykke frå land.

Hovudredningssentralen Sør-Noreg (HRS) på Sola koordinerte redningsaksjonen.

Bobil i sjøen på Randaberg

Biletet av bubilen tatt frå redningsskøyta «Sjømann».

Foto: RS Sjømann/Redningsselskapet

Ikkje folk i bubilen

Litt før klokka 20.30 stadfestar politiet sin innsatsleiar Tom Erik Birkeland overfor NRK at det ikkje var folk i bubilen.

– Ut frå informasjonen me har, er det ikkje grunn til å tru at det var personar i bilen. Det har heller ikkje vore personar i bilen då den gjekk på sjøen, seier Birkeland.

Laster Twitter-innhold

Han seier brannvesenet har gjort undersøkingar med dykkarar.

– Kan det sjå ut som dette er gjort med vilje, at bubilen er køyrd på sjøen?

– Det blir for tidleg å spekulera i kvifor bilen hamna på sjøen. Me jobbar med etterretning for å finna ut kva som har skjedd, seier Birkeland.

Klokka 20.45 blei redningsaksjonen avslutta sidan det ikkje er grunn til å tru at det er personar i sjøen, melder HRS.

Bubilen blir slept inn til ei eigna hamn.

Port Tungenes

Denne porten blei køyrd ned i kveld, like ved der bubilen hamna i sjøen ved Tungenes fyr.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg