Hopp til innhold

Borgli: – Eg vil bli ordførar i Sandnes

På ein pressekonferanse i dag stadfesta varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli (Frp), at han vil halda fram som ordførarkandidat for Framstegspartiet i Sandnes kommune.

Han hadde kalla inn til ein pressekonferanse for å snakka om framtida. Det skjedde etter ei rekke avisoppslag i Stavanger Aftenblad, der det har blitt reist spørsmål ved Borgli sin habilitet opp mot eigaren av selskapet Seabrokers. Borgli er tidlegare tilsett i Seabrokers.

Varaordføraren brukte pressekonferansen til å kritisera Stavanger Aftenblad sine metodar. Han ville ikkje svara på spørsmål til pressa før eller under pressekonferansen.

Aftenbladets prosjektredaktør Carl Gunnar Gundersen omtalar pressekonferansen som «spesiell».

– Det er spesielt at ein varaordfører signaliserer at han ynskjer å bli ordførar utan å vere open for spørsmål etterpå. Og at han brukar rådhuset til dette, er veldig spesielt, seier Gundersen.

Pål Morten Borgli
Foto: Ole Andreas Bø / NRK