Hopp til innhold

Bildelingsboom i oljebyen Stavanger

Lenge såg det ut til at folk i oljebyen var så glade i bilane sine at bildelingstenesta måtte legge ned. På litt over eitt år gjekk medlemstalet opp 80 prosent.

Ådne Sæverud

I TI ÅR: I Stavanger-området er folk tett knytt til bilane, meiner områdeansvarleg i Bilkollektivet, Ådne Sæverud. Bilkollektivet har eksistert i byen i ti år, men først nå vil folk dele.

Foto: Magnus Stokka

– Det blei diskutert om vi skulle legge ned. Så kom dette oppsvinget, seier Ådne Sæverud, områdeansvarleg i Bilkollektivet i Stavanger.

Fenomenet delingskultur har blitt eit faktum. Vi deler eller leiger framfor å eige. Feriehuset til sommaren, dyre festantrekk eller vi låner ut sofaen over nettet.

Også deling av bilar har tatt av dei siste åra. I utgangen av 2018 var det elleve selskap med over 200.000 medlemmar til saman i Noreg, ifølge Transportøkonomisk institutt.

Men lenge såg det ikkje særleg lyst ut i oljebyen. Bekmørkt, faktisk. I ti år har Bilkollektivet vore til stades i Stavanger, men for eit godt år sidan var dei nær ved å avvikle tenesta.

Frå desember 2018 til i dag har talet på brukarar i Bilkollektivet, den største bildelingstenesta i Noreg, gått opp 80 prosent i Stavanger. Omsetninga har auka 85 prosent.

Bilkollektivet Stavanger

MIDT I SENTRUM: Bilkollektivet har to bilar ståande fast ved Rådhuset i Stavanger.

Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK

Samanlikna med dei 8665 medlemmane i Oslo ligg oljebyen langt etter med sine 253, men ryktet har verkeleg starta å spreie seg, seier Sæverud.

– Her er vi tett knytt til bilane våre. Det siste året har snøballen byrja å rulle, seier Sæverud.

Selde familiebilen

Ein av medlemmane, Tone Slotsvig, har merka seg at ho ikkje er like åleine som før.

– Tilbodet har blitt mykje betre. Det har blitt fleire bilar og enklare å bruke dei. Det har betydd veldig mykje for at vi framleis er medlemmer, seier ho.

Tone Slotsvig, medlem i Bilkollektivet

SPENNANDE: Tone Slotsvig synest det er spennande at bildeling har tatt seg opp i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Familien selde bilen for to og eit halvt år sidan. Men å vere heilt utan bil var ikkje eit alternativ.

– Berre kollektivtilbod og sykkel i Stavanger, det er nok ganske utfordrande, seier ho.

Nyleg sørga Bilkollektivet for at ein av bilane deira står fast parkert på Kampen, nærare der familien Slotsvig bur. Då slepp ho turen ned til sentrum for å hente bil.

– Nå er det mange som får auga opp for dette. Det er ei utvikling det er veldig spennande å vere ein del av, seier ho.

Stadig fleire bur i husstandar utan bil, særleg i byane, viser ein rapport frå Statens vegvesen. Endringa er størst i Oslo, Stavanger og Kristiansand.

Miljøgevinst?

Privateigde bilar står mykje stille og tar opp plass. I snitt blir ein privatbil brukt ein halvtime per dag, ifølgje Transportøkonomisk institutt.

Dei skriv og at ein delebil kan erstatte ti privatbilar. Dessutan køyrer bildelarar omtrent ein tredel av det ein bileigar gjer. For ein bildelar er terskelen for å gå, ta kollektivtransport og sykle lågare.

Forsker ved UiS, Daniela Müller-Eie snakker om konseptet bildeling

REDUSERER ANTALL TURAR: Daniela Müller-Eie forskar på delemobilitet ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Daniela Müller-Eie forskar på delemobilitet ved Universitet i Stavanger. Bildeling kan vere miljøvenleg, men treng ikkje vere det, ifølgje forskaren.

– Når den delte bilen erstattar ein eigd bil som ein eventuelt hadde brukt meir, er det utelukkande positivt, seier ho.

Bildeling kan erstatte bilar som elles ville vore eigd. Dette reduserer som regel òg kor mykje ein køyrer, og vidare klimautsleppa, ifølgje Müller-Eie.

Negativt blir det derimot viss ein som ikkje køyrer bil, begynner å køyre fordi deletenesta finst.

Tone Slotsvig, medlem i Bilkollektivet

BLITT LETTARE: Etter at Tone Slotsvig fekk ein fast bil parkert like ved der ho bur, vart det mykje enklare å få kvardagen til å gå opp.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Bildelaren Tone Slotsvig innrømmer gjerne at livet er litt meir tungvint utan eigen bil. I blant saknar ho bilen. Men ofte ikkje.

– I jula lånte vi bil av nokre venner. Då kjente vi litt på at det er lettare å ha eigen bil. Men rett etter måtte den same bilen på verkstad. Det har sine fordelar å vere ein del av ei bildelingsløysing, seier ho.