Hopp til innhold

Berre Brusand får besøk av NRK sitt sommertog

I Rogaland blir det berre eitt stopp for NRK sitt sommertog. Det er på Brusand. – Eit naturleg val, meiner Brusand-buen Laurits Stokkeland.

Laurits Stokkeland

Brusand-patriot Laurits Stokkeland meiner Brusand er eit naturleg val for sommertoget. Men når det vert snakk om folkefest er folket i bygda meir beskjedne.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Sommertoget 2017

Desse plassane skal sommertoget besøke i sommar.

Etter fleire år til sjøs, går NRK si store sommersatsing i år på skjener. Toget skal innom 40 stasjonar, frå Rognan i nord til Mandal i sør. I Rogaland er det berre ein togstasjon som får besøk av sommertoget, og den ligg på Brusand.

Laurits Stokkeland frå Brusand meiner det er sjølvsagt at toget stoppar i den vesle bygda.

– Me er jo Brusand-patriotar og den finaste plassen er jo her me bur. Så det var heilt naturleg at det blei her, seier han.

Brusand vert det einaste stoppet i Rogaland for NRK sitt sommertog

Dei gler seg, men er ikkje sikre på om dei klarer å lage folkefest når NRK sitt sommertog kjem til bygda.

Innlandet står for tur

Tidlegare har NRK sin sommerbåt besøkt mange stader langs kysten. At dei nå tar turen langs jernbanen er blant anna for å kunne besøke stader båten ikkje nådde.

– I år står innlandet for tur. Etter somrane i båt har me fått ein straum av invitasjonar frå stader i innlandet som òg vil vere med på sommarfesten. Det får me til i år, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

Trur ikkje på folkefest

Sommertogets togsett

Det er eit spesialbygd togsett med åtte vogner som skal frakte både Sommeråpent og Reiseradioen landet rundt. – Me redaksjonslokale, regikontrollar, radiorom, sminkerom og sovekupéar, alt me treng for å lage radio og TV både seint og tidleg, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Brusand er ikkje svære bygda, og per 1. januar 2016 bur det 434 innbyggjarar på Brusand. Togstasjon har dei hatt sida 1879, eitt år etter at Jærbanen opna.

I 2015 besøkte sommarbåten fem stader i Rogaland, noko som blei ein folkefest. I Haugesund var fleire tusen på plass for å sjå då båten kom køyrande. Også Egersund fekk då besøk av båten.

På Brusand er dei derimot meir beskjedne når det vert snakk om folkefest, og tar det heile med knusande ro.

– Me er jo ikkje mange som bur her. Så sjølv om alle kjem er me avgrensa, seier Stokkeland.

– Det er ikkje store plassen her, og me har ikkje så mykje å visa eigentleg. Det blir nok ikkje så mange som kjem, seier Vidar Bø.

– Set Brusand på kartet

Folkefest eller ei, at det vert stas å få besøk av sommertoget er dei alle einige om.

Brusand

Folk frå Brusand meiner stranda og landskapet er det beste med bygda deira.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Det er jo stas. Det er ikkje ofte NRK er å sjå på denne vesle plassen, seier Bø.

– Det er jo kult at dei besøker ein så liten plass som dette, seier Lea Kverme.

Men så var det kva ein skulle visa fram til det norske folket, då.

– Stranda er nok det finaste me har, seier Kverme.

Også Brusand-patrioten Stokkeland trekk fram stranda og landskapet som det flottaste med bygda.

– Det vert spennande å sjå kven som tar initiativ og kva som vert gjort. Dette kan ikkje gå over utan at Brusand vert sett på kartet.