Hopp til innhold

Pølse med bacon avslørte innbrotstjuv

I andre enden av den nystolne mobiltelefonen var eigaren, som kunne høyra at tjuven bestilte pølse med bacon. Etterpå var det ei grei sak for politiet å ta mannen på Seven Eleven i Stavanger.

Pølser

Mannen som kjøpte baconpølse var nok ikkje klar over at det ville kosta han ein tur inn i arresten.

Foto: Anne-Cathrine Reuterdahl / NRK

– Moralen her må nok vera; ikkje stel!

Det seier opperasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Jan Henning Andersen, etter den litt spesielle historia som byrja med melding om eit innbrot i ein bustad.

Byrja med innbrot

– I to tida natt til fredag fekk me melding av ein person som ringte og fortalte at det stod ein ukjend mann i gangen hans når han kom heim, opplyser Andersen.

Innbrotstjuven klarte å stikka av frå huset med ein mobiltelefon i Jelsgata på Storhaug i Stavanger.

Politiet leita etter mannen i området i omlag ein time, men utan hell.

Svolten tjuv

Så var det at eigaren av huset ville prøva å ringja sin stolne telefon for å sjå kva som skjedde.

– Utan å vera klar over har innbrotstjuven tatt telefonen slik at eigaren kunne høyra kva han snakka om til ei kvar tid, opplyser politiet.

Og det var når eigaren høyrde at tjuven snakka om at han ville ha ei pølse med bacon at han varsla politiet.

Dei rykka ut til Seven Eleven kiosken i Pedersgata og der fann dei gjerningsmannen.

Den 27 år gamle mannen sit no i arresten, ein høg pris å betala for ei baconpølse!

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.