Hopp til innhold

– Overraskande bra nivå

Produsentane for Mods-musikalen Revansj, Pål Mangor Kvammen og Jon Arne Sægrov, kan pusta letta ut. Etter dagens audition skal dei klara å fylla heile rollelista i det dei lovar skal bli ein storslått musikal, med ungdommeleg sprut.

Video Mods audition

VIDEO: Johan Marius Nærøy var ein av 200, som sundag gjorde alt for å få ei rolle i Mods-musikalen Revansj. (Foto: Eirik Gjesdal)

– Eg trur me ligg godt an, seier Pål Mangor Kvammen, som er ein av produsentane bak musikalen Revansj, ein musikal basert på songane til 80-tals rockarane Mods.

Ikkje nervøs

Mange sentrale roller står framleis ubemanna, berre åtte månader før premieren, som skal skje i Stavanger sitt nye konserthus. Men Kvammen er ikkje nervøs, for dagens auditionen har gått over all forventning.

– Det har dukka opp folk i dag som syng vanvittig bra, med utstråling og alt det som skal til. Nokon er utdanna, og har førestellingar bak seg, medan andre er overraskingar som me ikkje visste om, seier han.

Det var om lag 200 ungdommar som sundagskveld møtte opp på audition i konserthuset på Bjerksted. Rollene som står tomme er mellom anna tre jenter og tre gutar som skal danna grunnstammen i førestellinga.

– Det blir musikal

Men etter i dag er det ikkje lenge før alle rollene er fylte seier Jon Arne Sægrov.

– Det blir musikal i september. Her har det vore så mange flinke folk at me skal greia å fylla opp alle rollene, seier han nøgd.

Men for å halda alle moglegheiter opne slår han likevel fast at jakta ikkje nødvendigvis er over.