Hopp til innhold

Åtvarar mot bruk av kinesiske lykter

Politiet ber folk vera forsiktige med bruken av kinesiske lykter etter falsk alarm ved Kvalsvik utanfor Haugesund torsdag kveld.

Himmellykt

Det var sannsynlegvis ei kinesisk lykt av denne typen som blei observert ved Kvalsvik torsdag kveld, og som førte til ein unødvendig redningsaksjon.

Foto: NRK Rogaland

Det var i 22.30-tida torsdag kveld brannvesenet fekk melding frå eit vitne som observerte eit raudt lys ved Kvalsvik.

Dette blei tolka som ein naudrakett og hovudredningssentralen sette i gang redningsaksjon i området.

Feil observasjon

Det var gode søkeforhold i området og etter 35 minutt kunne redningsskøyta slå fast at det høgst sannsynleg ikkje var nokon som var i nød.

Etter nærmare samtalar med vintnet som melde frå om hendinga, tyder det på at det var ei kinesisk lykt som blei observert – ikkje ein naudrakett.

Ber folk vera forsiktige med bruken

Kinesiske lykter er populære, spesielt i samband med nyttårsfeiringa. Men dei er svært brannfarlege og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vurderer eit nasjonalt forbod mot lyktene.

I tillegg har dei ført til ei rekkje unødvendige redningsaksjonar, slik som i Kvalsvik-området i går.

– Derfor minner me på ny om at lyktene lett kan forvekslast med naudrakettar. Folk må derfor vera svært varsame med bruken, spesielt i kystområde, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan.