NRK Meny

Åtvarar folk mot fjelltur

Stiftinga Preikestolen har nå folk ute for å åtvara folk mot å gå opp til Preikestolen og Kjerag på grunn av uvêr. – På grunn av sterk vind og nedbør så er det ikkje forsvarleg å gå opp der nå, seier Audun Rake som er dagleg leiar for Lysefjorden utvikling.