Hopp til innhold

Brukt kopp blei seld for 110.000 kroner: – Eg måtte klype meg litt i armen

Mummi har gått frå barne-TV til å bli motiv på verdifulle samleobjekt. – Ein blir besett og hekta, seier mummikopp-samlar Åsne Marie Sande.

Mummikopp fazer

I 2004 gav den kjente sjokoladeprodusenten Fazer ein spesiallaga mummikopp til sine tilsette. «Fazerkoppen» vart berre laga i 400 eksemplar, og er dermed svært sjeldan.

Foto: privat

«Du store min som tida flyr, nå er det tid for eventyr».

Du hugsar kanskje songen frå «I Mummidalen» som kom på barne-tv på 90-talet? Tove Jansson skapte ideen om Mummitrollet allereie i 1930, men framleis lever han og venane hans i beste velgåande.

Spesielt som koppar.

Åsne Marie Sande med sine mummikoppar

Åsne Marie Sande med nokre av koppane i samlinga. Ein gong prøvde ho å slutte å samle, men det angra ho fort på.

Foto: Marie Håland / NRK

I Åsne Marie Sande si leilegheit i Stavanger nærmar det seg femti mummikoppar. Ho har ein teori om kvifor folk har blitt så galen etter dei.

– Eg trur det først og fremst er fordi dei er så søte. Det er mange som har eit forhold til mummi frå oppveksten, og det er ein koseleg ting å ha med vidare, seier ho og legg til:

– Ein blir litt besett og hekta på det.

Og ho er ikkje den einaste som er hekta. Per i dag finst det over 100 ulike koppar. Og dei vil folk gjerne ha.

Brukt kopp til 110.000

På finn.no er det over 800 annonsar for «Mummikopp». Prisane ligg på alt frå 49 til 15.000 kroner.

Du tenkjer kanskje at 15.000 var mykje for ein kopp? Dei mest ihuga samlarane bruker fort ein god del meir.

I 2017 ville Ellen Jacobsen i Horten ha spesialkruset «Fazer», og kjøpte det på auksjon for 85.000 kroner. No sel ho heile mummisamlinga si, og «Fazer» har gått opp i verdi. Til 110.000 kroner.

– Korleis kan du selje ein vanleg kopp til 110.000 spør folk. Men folk kjøper jo kunst frå til dømes Munch til høge prisar, seier Jacobsen.

Og koppen vart selt, til akkurat den prisen. Ein ny samlar har fått ein av dei mest eksklusive koppane i verda. Jacobsen er svært nøgd med salet.

– No er eg veldig glad. Eg måtte klype meg litt i armen. Kjøparen måtte køyre ekstra forsiktig heim, ler ho.

Gjennom åra har ho aldri hatt koppane framme til pynt eller bruk.

Slik er det ikkje for alle mummisamlarar.

Held humøret oppe

I Facebookgruppa «Mummigruppa» er det nesten 8000 medlemer. Ei gruppe med kjøp og sal, og generelt stor interesse for Mummi.

Bilde fra Juliemoomin. Mummikopp

På Instagram leiker Julie Myhren seg med mummikoppane sine.

Foto: privat

Julie Myhren i Svelvik er ein av medlemene. Hennar mummikoppsamling starta for fullt då heimekontor og ein usikker jobbsituasjon starta mars 2020.

– For å halde humøret oppe så valde eg forskjellige koppar kvar morgon, og la ut bilde på Instagram med ein passande tekst til situasjonen.

Mummisamlinga er ein opptur i kvardagen.

– Eg fekk masse ekstra fritid til å vere enda meir kreativ med bilda. Etter kvart gjekk eg «tom» for koppar, men ville ikkje stoppe å ta bilde, så då kjøpte eg fleire. Så balla det på seg med asjettar, skåler og generelt alt med Mummi.

Gjensyn med fortida

Utgangspunktet for å samle på gjenstandar er ofte eit gjensyn med fortida, forklarer Atle Kildebo som er redaktør av magasinet Samler & Antikkbørsen.

– Det er gjensynsglede ved møte av eit objekt. Så kjøper du den koppen for å bevare minnet. Så ser du ein til, og enno ein. Så slår «samlargenet» inn for fullt. Og for nokon handlar det om at ein ønskjer seg ein hobby.

Det er også «samlargenet» som gjer at nokon vil betale over 100.000 kroner for ein kopp, seier han.

– Mange samlarar har svært god økonomi, så for fleire er kanskje ikkje 100.000 kroner noko stort beløp.

Mummikopper

Ein del av mummisamlinga til Julie Myhren.

Foto: privat

For Åsne Marie Sande er det ikkje viktig å ha dei dyraste koppane i samlinga.

– Det blir litt feil fokus. Eg brukar alle mine jamleg, men sambuaren synest kanskje eg har litt mange, ler Sande.