Hopp til innhold

Dei lev begge med kreft

200.000 personar lever med kreft i Norge, og mange av desse vil leva lenge. – Det finst alt for mange vrangførestellingar om kor dødeleg ein kreftdiagnose er, seier sosialmedisinar, Per Fugelli.

200.000 nordmenn lever med kreft. Tidligere statssekretær Helge Ole Bergesen og samfunnsdebattant Per Fugelli har begge fått diagnosen uhelbredelige kreft. Begge har skrevet bok om å måtte leve med døden. Begge har de måttet tenke gjennom livet på nytt.

►SJÅ VIDEO: Forskingsdirektør ved Universitetet i Stavanger, Helge Ole Bergesen, og professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo, Per Fugelli, har begge fått diagnosen ulækjeleg kreft. Her er dei i samtale om korleis det er å leva med sjukdommen.

– Det er svært viktig å få fram at over halvparten av dei som får nydiagnostisert kreft i Norge i dag, vil leva lenge, lenge, seier professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo, Per Fugelli.

Han sit på hytta si på Orre på Jæren, saman med forskingsdirektør ved Universitetet i Stavanger, Helge Ole Bergesen.

Lever med kreft

Dei har begge ulækjeleg kreft, og skrive bøker om korleis dette er for dei.

Begge meiner det er viktig å ikkje tru at livet berre er ein nedoverbakke etter kreftdiagnosen blir stilt.

Mange kan leva greitt med kreft i mange år.

– Eg for min del kjenner meg nærmast frisk, noko eg håper eg kan vera lenge, seier forskingsdirektør ved Universitetet i Stavanger, Helge Ole Bergesen.

Dette trass veldig mange utfordringar han har hatt etter å få kreftdiagnosen.

– Eg blei nærmast lam

Statistikk frå Folkehelseinstituttet viser at fleire og fleire av dei som får kreft, overlever sjukdomen, eller døyr av andre årsaker.

Av alle som får kreftdiagnose er over 65 prosent i live fem år etterpå.

Likevel var døden det første som kom i hovudet på Fugelli, då han fekk diagnosen.

– Når eg fekk vita eg hadde kreft blei eg nærmast lam i hovudet, nervane og hjarte. Eg trur dette kjem av ei unødvendig vrangførestelling mange har om kor dødeleg kreft eigentleg er, seier han.

Ein førestelling han forstår at det er vanskeleg for folk å sjå vekk frå.

– Eg er trass alt lege, og blei likevel skremt til lamming av diagnosen. Det hadde ikkje vore nødvendig, det er både sidemannen min her og meg sjølv eit døme på.

To godt vaksne menn som har kreft, og som langt på veg har lært seg å leva med det.

Eit destruktivt spørsmål

Bergesen meiner det er viktig å stilla dei rette spørsmåla.

– Alle spør seg alltid; kvifor meg? Dette er eit destruktivt spørsmål ein aldri får svar på.

– Det er mykje viktigare at ein spør seg om kva som skal skje vidare. Kor skal eg i livet i den nye situasjonen? Korleis skal eg koma meg der?

Dette er spørsmål Bergesen har stilt seg sjølv. Han har kome til at det er samhaldet med sine nærmaste som er det viktigaste.

– Alt i livet blir meir intenst når ein lever med kreft. Det viktige blir viktigare, og det uviktige blir mindre viktig.

Fugelli er samd.

– Det er dei nære ting som alltid har gitt meg drivstoff i livet, og det vil det også gjera på mi siste reis, seier han.