Hopp til innhold

–Fritt fram for sexkjøp i Stavanger

Leiar for Kirkens bymisjon sitt tiltak for prostituerte i Stavanger Annette Hagelin, meiner at politiet bør få ei spesialgruppe som jobbar med prostitusjon. Noko som allereie er på plass i Oslo, Bergen og Trondheim.

sexkjøp

Politiet seier at ein fleire prostituerte i Stavanger kan vera på grunn av av naturlege svingingar. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Bjørnflaten, Thomas / SCANPIX

Annette Hagelin brukar internett for å måla pulsen på kor mykje prostitusjon det er i Stavanger. Her legg omreisande prostituerte ut sex-annonser, og i det siste har ho merka ei stor auke.

Ho syner fram ei tilfeldig side med annonser:

– Når politiet var meir ute i feltet var det omlag åtte til ti annonser på denne sida, nå er 27, seier leiaren for Albertine, Kirkens bymisjon sitt tiltak for prostituerte.

Politiet avviser kritikk

Ho meiner at politiet i Stavanger har blitt mindre aktive etter at ein polititenestemann som hadde prostitusjon som eit hovudområdet gjekk ut i permisjon i haust.

– Og med mindre aktivt politi tenker kvinnene at dei oftare kan reisa til Stavanger og at dei kanskje kan bli lenger, seier ho og legg til at det er fritt fram å kjøpa sex i Stavanger i dag.

Dei tre siste månadane har Rogaland politidistrikt berre teke tre personar for kjøp av sex. Likevel avviser politistasjonsjef i Stavanger, Henry Ove Berg, at det er fritt fram for sex-kundar, og seier at politiet følgjer godt med:

Har ikkje eiga gruppe

– Me vil nok aldri ha nok oversikt, men me har oversikt. At prostitusjonen går litt opp og ned er naturlege svingingar, seier han.

Han vil ikkje kommentera kor mykje ressursane dei bruker på prostitusjon, menneskehandel og hallikverksemd, men seier at dei har dette temaet innordna i den daglege verksemda.

Dette er ein annan måte å organisera arbeidet på enn i dei andre storbyane i landet. Både i Oslo, Bergen og Trondheim har dei eigne grupper som jobbar med prostitusjon, menneskehandel og hallikverksemd.

Eskorte

På nettet finn du nå like mange sex-annonser frå Rogaland som du gjorde før sexkjøpslova av 2009 meiner Annette Hagelin.

– Sjå til andre storbyar

Dette meiner Anette Hagelin at Stavanger også bør få.

– Det er viktig fordi då kan desse politimennene utveksla erfaringar, slik som dei gjer i andre storbyar, seier ho.

Ho meiner at tre til fire politimenn burde vore i ei slik gruppe i Stavanger. Politiet meiner på si side at måten dei er organiserte på er det som fungerer best i Stavanger:

– Ingen kan seia at med undergraver noko som helst. Dei har rett i at det svingar og at politiet sin innsats vil variera, men dette har også med kva som skjer elles i samfunnet seier Henry Ove Berg.

Under oljemessa i Stavanger i år sette politiet inn ressursar på området. På dagane oljemessa føregjekk tok politiet ni sex-kundar:

Hagelin seier at det er svært viktig at det er stort fokus på prostitusjonen i Stavanger sidan det er mykje pengar i denne delen av landet, og at det derfor er eit attraktivt reisemål for prostituerte.