NRK Meny
Normal

«Appelsinbåten» tilbake i Stavanger

Gamle minne blei vekte til live igjen når veteranskipet MS «Rogaland» blei omskapt til «Appelsinbåten» fire dagar før julaftan i Vågen i Stavanger.

I dag fekk barna i Stavanger oppleva julebåten, eller «Appelsinbåten» som den blei kalla.

VIDEO: Sjå video av barn og vaksne på «Appelsinbåten» i Stavanger.

– Går me tilbake til 50- og 60-åra var det ikkje skikkeleg jul før amerikabåten «Stavangerfjord» hadde kome til Stavanger etter sin siste tur frå New York før jul. Om bord var det ein nisse, og dermed blei båten kalla julebåten, fortel Kristin Vestrheim Cranner, museumspedagog og prosjektleiar for «Appelsinbåten».

– Nokre ungar kalla den berre appelsinbåten fordi nissen hadde med appelsinar til barna. Då båten la til kai i Stavanger stod nissen og heiv appelsinar til ungane som stod og tok imot, held museumspedagogen fram.

– Viktig å ta vare på tradisjonane

Kristin Vestrheim Cranner

Kristin Vestrheim Cranner saman med julenissen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Det er lenge sidan gamle «Stavangerfjord» slutta å gå i trafikk mellom USA og Stavanger. Men i 46 år segla skipet med passasjerar, post og varer mellom Stavanger og New York.

I dag blei forteljinga om «Stavangerfjord» sin julefart til Stavanger formidla vidare til barn og vaksne i Vågen. Veteranskipet MS «Rogaland» var nemleg omskapt til «Appelsinbåten».

Appelsinbåten

I dag fekk ungane ta imot appelsinar frå «Appelsinbåten», akkurat som i gamle dagar i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

Her kunne barna sjå seg omkring, besøka kapteinen i styrhuset og sjølvsagt få appelsinar av julenissen.

– Folk reiser på andre måtar i dag, men det er noko med det å plukka opp teikn og tradisjonar som har vore viktige for folk ei stund tilbake, seier Vestrheim Cranner.

Ein del av den levande julekalender

Arrangementet er eit samarbeid mellom fleire aktørar og ei vidareføring av eit formidlingsopplegg Stavanger maritime museum har gitt til barnehagar i desember månad dei fem siste åra.

– Dette er òg ein del av den levande julekalender, der barn får små kulturelle opplevingar kvar dag i månaden fram mot julaftan i Stavanger sentrum. Bak luke 20 låg «Appelsinbåten», fortel Kristin Vestrheim Cranner.