Hopp til innhold

– Jærstrendene kan forsvinna

Det dårlege vêret har forsynt seg grovt av jærstrendene denne vinteren. Dersom ekstremvêret held fram fryktar Naturvernforbundet for strendene si framtid.

Jærstrendene frå lufta

SJU MIL: Strandbelte på Jæren strekk seg om lag sju mil frå Randaberg i nord til Ogna i sør. Uvêret som herjar for tida gjer at miljøvernarar er urolege for stranda.

Foto: Jonny Engelsvoll

– Over tid kan me risikera at sanddynene blir heilt vekke, seier leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring.

Han har den siste tida vore vitne til at sterk vind og høg vassføring har ete seg godt inn på strendene langs Jæren. Fleire stader har sjøen skylt inn langt over det normale og tatt ut store sandmengder.

– Kombinerer du ekstremvêr, hyppige tilfelle av sterke stormar og ein permanent høgare vasstand, som klimaforskarane spår, kan me risikera at Jærstrendene, slik me kjenner dei i dag, forsvinn, held Thoring fram.

Sjå video:

Video Frykter for Jærstrendene sin framtid

VIDEO: Dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring, fryktar for Jærstrendene seie framtid.

– Som om det er skåre med kniv

Det er ikkje berre dei aller mest naturinteresserte som har bite seg merke i utviklinga på Jærstrendene dei siste månadene.

Strandkant

Dagny Espeland, som er ute og går på Solastranda, seier at det ser ut som om det har blitt brukt ein kniv til å kutta av sanddynene.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK
Høg vasstand i Stavanger

HØG VASSTAND: Vasstanden i Rogaland er skal endå ein gong bli høg i natt. Dette bilete er frå Stavanger sentrum då sjøen var høg sist gong.

Foto: Erik Waage / NRK
Steinvoll

Thoring fryktar at steinvollar kan vera det einaste som i framtida kan halda sjøen tilbake.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Det er vanleg at strendene endrar formasjon, men folk som brukar strendene har ikkje tidlegare opplevd så store inngrep frå naturen:

– Du kan sjå på sanddynene til venstre der, det ser nesten ut som om nokon har skåre dei av med kniv. Det er heilt utruleg, seier Dagny Espeland som er ute og går på Solastranda.

– Eg gjekk her for halvannan veke sidan, då var det heilt annleis. Då gjekk det flatt ut heile vegen, nå har du ein kjempestor kant her som har blitt skylt ut, seier Ivar Gill, som går tur på den same stranda.

Melder høg vasstand også i dag

Og uvêret ser ikkje ut til å gje seg. Også i kveld er det venta at sjøen skal stiga kraftig i Rogaland. Noko som vil merkas godt på dei flate strendene.

Meteorologisk institutt har sendt ut spesialvarsel, som viser at vasstanden er venta å bli mellom 60 og 70 centimeter over høgda som er oppgitt i tidevasstabellane.

Prognosane for målestasjonen i Stavanger viser at vasstanden vil stiga meir enn førre gong det blei høg flo – tidleg i desember.

Fryktar steinvollar

Nå er det planten Marehalm som bind sanden saman og dannar sanddynene som held sjøen tilbake. Marehalmen er planta nett for dette formålet, men i framtida er Thoring redd at dette ikkje vil bli nok.

– I verste fall kan det bli aktuelt med steinvollar, det er ein barriere som vil fungera mot inntrenging av havet, seier han.

Thoring legg til at det ville vore svært trist om det skulle bli aktuelt.

Meir om ekstremvêr: Kanskje kjem «Frida» – slik får ekstremvêra namna sine | Slik varsles ekstremvær

Meir om Jærstrendene: Jærstrendene ulovlig tappet for sand | Svanedød på Borestranda | Ønsker forbud mot surfing og kiting