Hopp til innhold

– Han var helten min i politikken

Den fornærma 19-åringen i Birkedal-saka forklarer seg detaljert om natta han skal ha blitt utsett for seksuelle overgrep av tidlegare Frp-topp Trond Birkedal.

Birkedal-rettssak

Den 19 år gamle mannen forklarte seg i den første rettsaka og i dagens ankesak mot Trond Birkedal.

Foto: Tegning: Ingrid Haukelidsæter

19-åringen var berre 15 år gammal då han skal ha blitt utsett for seksuelle overgrep av Birkedal i juli 2008 – i forkant av FpU sin sommarleir i Sverige.

Birkedal glad for å setja punkt

Trond Birkedal.

Foto: NRK

Birkedal var då leiar for Framstegspartiet sitt ungdomsparti (FpU) og ordførarkandidat for Frp i Stavanger.

I dag starta ankesaka mot Birkedal oppe i Gulating lagmannsrett. Rettens formann, lagdommar Ørnulf Jacobsen, starta med å spørja Birkedal om han erkjenner straffeskuld etter tiltalen – altså for seksuell omgang med ein 15-åring.

Ikkje uventa svara Birkedal nei, slik han gjorde då saka var oppe i Stavanger tingrett.

– Han var helten min i politikken

Først til å forklara seg er den fornærma 19-åringen. Han forklarer han blei kjent med Birkedal via internett, utan at han visste kven Birkedal var.

– Eg trudde det var ein heilt vanleg 18-åring frå Stavanger, forklarer han til retten.

Vidare fortel han om natta i Oslo då han skal ha blitt utsett for overgrep av Trond Birkedal.

19-åringen forklarer lågmælt og detaljert om seksuell kontakt med den tidlegare Frp-toppen på eit hotellrom. Ifølgje 19-åringen hadde dei to oralsex med kvarandre. 19-åringen seier han var påverka av alkohol.

– Eg hadde aldri trudd Trond var homofil. Han var helten min i politikken, sa han til lagmannsretten.

Angst og depresjon

19-åringen, som tidleg fekk tillitsverv i Frp i heimbyen, fortel om ei vanskeleg tid etter sommaren 2008.

19-åringen snakkar om angst, depresjonar, alkoholmisbruk og søvnproblem.

I tillegg har han hatt det vanskeleg på skulen, og slite med å klara ståkarakter i alle fag på vidaregåande.

– Kvardagen har vore grusom. Eg er redd heile tida, forklarer 19-åringen, som seier han har vore inne på tanken om å ta sitt eige liv.

Intervju med forsvarer Arvid Sjødin og bistandsadvokat Hege Salomon.

VIDEO: Intervju med forsvarar Arvid Sjødin og bistandsadvokat Hege Salomon før rettssaka starta. Foto: Ole Andreas Bø/NRK

Dømd i tingretten

Det var i februar i år Trond Birkedal blei dømd til fengsel i 60 dagar for å ha snikfilma unge gutar i dusjen og for å ha lurt til seg nakenbilete med falsk nettidentitet.

Dei to alvorlegaste forholda i tiltalen blei den tidlegare Frp-toppen frifunnen for i Stavanger tingrett. Det betyr at tingretten ikkje meiner det er tilstrekkeleg bevist at Birkedal forgreip seg på to gutar under 16 år.

Det er eitt av desse tilfella, som dreier seg om seksuell omgang med ein 15 år gammal gut, som blei anka av statsadvokaten og som nå er oppe i Gulating lagmannsrett.

Det er sett av tre dagar til saka i Gulating lagmannsrett. Siste dag er onsdag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.