Hopp til innhold

– Av og til må nokon dopast ned

Når det ikkje finst nok kvalifiserte hender til å ta vare på dei psykisk utviklingshemma må legar i visse tilfelle skriva ut tunge medisinar. Det meiner fastlege Kåre Reiten.

Kåre Reiten

MINDRE SPESIALKOMPETANSE: Fastlege Kåre Reiten meiner at HVPU-reforma legg opp til desentralisering og dermed mindre spesialkompetanse.

Foto: Eirin Larsen / NRK

I helga fortalte NRK om psykisk utviklingshemma Per Olaf Asheim, som døde etter han byrja på tunge medisinar.

Helsedirektoratet innrømmer at det er eit problem med feilmedisinering av psykisk utviklingshemma i Norge, og nå ønskjer også stortingspolitikarane å gjera noko med saka:

– Må vera ekspertar på «alt»

Det er allmennlegane som skriv ut dei tunge medisinane, ei oppgåve som kan vera svært krevjande seier fastlege i Stavanger Kåre Reiten:

– Når ein skal vera ekspert på alt frå inngrodde tånegler til sinnstilstanden til tungt psykisk utviklingshemma utan språk, seier det seg sjølv at det ikkje alltid er den lettaste jobben å setja diagnose og skriva ut medisinar, seier han.

– Men det blir av og til skrive ut tunge medisinar utan at det er stilt diagnose, er ikkje dette eit lovbrot?

– Eg meiner ikkje dette er eit lovbrot. Kvar dag skriv eg ut medikament etter beste emne. Men det er klart at psykisk utviklingshemma personar ofte har kompliserte og samansette problem, dei hadde fått eit betre tilbod av spesialistar.

Leiar i Norsk overlegeforening og sentralstyremedlem i Legeforeningen, Jon Helle, stadfestar at mange allmennlegar opplever dette på same måten.

– Det er eit avgrensa spesialtilbod for psykisk utviklingshemma, og talet på spesialistar er relativt tynt, seier han.

Per Olaf Asheim

DØDE ETTER MEDISINBRUK: Laurdag fortalte NRK om Per Olaf Asheim som døde etter han byrja på tunge medisinar. Familien meiner det var medisinane som tok livet av han.

Foto: Privat

HVPU-reforma får skulda

Etter HVPU-reforma av 1991 blei psykisk utviklingshemma flytta ut frå dei store institusjonane og ut i kommunane. Målet var at psykisk utviklingshemma skulle ut i mindre bufellesskap og integrerast betre i samfunnet.

Det er kommunane som har overteke ansvaret som fylkeskommunen hadde tidlegare, og fleire meiner at eit godt fagleg tilbod forsvann med institusjonane.

– Kompetansen blei ikkje med på flyttelasset, sa psykiater Trond Nesse til NRK på laurdag.

Ein annan uheldig effekt av dette meiner Reiten er at tungt psykisk utviklingshemma får eit større press på seg til å fungera i samfunnet:

– Ein burde berre innsjå at nokon er så ramma at dei ikkje bør vera plasserte i eit bufellesskap i eit bustadområdet. Mange har svært kompliserte vanskar, og av og til må berre nokon dopast ned fordi livet deira blir for kompliserte, seier legen.

Han seier at situasjonen for desse kan bli vanskelegare enn den kanskje ville blitt på ein større institusjon, og at behovet for medisin dermed kjem som ein følgje av dette.

Kåre Reiten har ikkje særleg tru på at det vil bli betre etter at Stortinget nå vil ha gjennomgang av HVPU-reforma. Han legg likevel til at det er viktig å understreka at integreringa HVPU-reforma innebar har vore bra og riktig for nokon.