Hopp til innhold

32 personar evakuert etter rekkehusbrann

Fem rekkehus i Kvernevik i Stavanger er øydelagde av brann i natt. Brannen er nå sløkt.

Brannskadde rekkehus i Mjukhauglia i Kvernevik bydel i Stavanger

Brannen blei sløkt i halvsju-tida, fredag morgon.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Rett etter midnatt fekk brannvesenet i Stavanger melding om brann i eit rekkehus i Mjukhauglia i bydelen Kvernevik.

Dette huset var eitt i ei rekke på fem.

– Det starta truleg i ein av leilegheitene i midten og har spreidd seg gjennom taket og ut til totalt fire av leilegheitene, seier vakthavande brannsjef Frode Strøm til NRK klokka 05 fredag morgon.

Brann i fire rekkehus i Mjughauglia i Kvernevik bydel i Stavanger

Brannen Mjukhauglia i Kvernevik bydel i Stavanger starta truleg i ein av leilegheitene i midten og spreidde seg gjennom taket.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Strøm overlèt til politiet å seie noko om årsaka til brannen, men han opplyser at alle dei som budde i dei fem rekkehusa er evakuert og gjort greie for.

Til saman er 32 personar nå innlosjerte i husvære i nærleiken av brannstaden.

Stod i full fyr

Det var god fyr i den første leilegheita då brannvesenet kom på plass rett etter midnatt.

– Den andre leilegheita tok fyr innan kort tid og rekkehus nummer tre og fire blei også øydelagde, fortel vakthavande brannsjef Frode Strøm.

Då NRK snakka med Strøm i 05-tida kjempa brannvesenet for å berge det femte huset i rekka.

Om lag klokka 06.30 kom meldinga om at brannen nå var sløkt.

– Sløkkearbeidet går føre seg ennå. Brannen har roa seg ned, men sløkkinga kjem til å halde på framover i morgontimane, seier Strøm.

Eldre hus

Dei fem rekkehusa er frå 1980-talet.

Fleire naboar har fått SMS-melding frå brannvesenet om å lukke vindauga slik at ikkje røyken frå brannen kjem inn i huset.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg