NRK Meny

30–40 KJELLARAR OVERSVØMT PÅ JÆREN:

Mellom 30 og 40 kjellarar er meldt oversvømt i Hå på grunn av det veldige regnet i morgontimane. Spesielt Varhaug er utsett. Brannvesenet meldar og om store mengder vatn under jernbanebrua i bygda. – Det verker som heile Hå står under vatn, seier Bjørn Tollefsen, vaktleiar ved Brannvesenet i Sør-Rogaland. Brannvesenet har sendt ut fleire bilar til området.