Hopp til innhold

Har funne asbest ved Haugesund sjukehus

Fleire tilsette i driftsavdelinga ved Haugesund sjukehus blir nå følgd opp av bedriftshelsetenesta etter funn av asbest. Det opplyser sjukehuset i ei pressemelding.

Asbesten blei oppdaga under riving av ei blokk i samband med bygging av nytt sjukehus.

Ifølge ein rapport er graden av eksponering låg. Det er ikkje behov for helseundersøkingar, og det er ingen risiko for at andre medarbeidarar, pasientar eller pårørande er utsett for asbest. Arbeidstilsynet er varsla.

– Dette tar vi på største alvor, og vi vil gjere det vi kan for å følgje opp eigne tilsette og eventuelle underleverandørar som kan ha vore eksponerte for asbest, seier administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland, ifølge pressemeldinga.