Hopp til innhold

Vil flytta gamle Forsand kommune til Strand

Statsforvaltar Bent Høie meiner gamle Forsand kommune bør flyttast over til Strand kommune.

– Dette er den beste geografiske eininga for regionen. Det er dessutan ei grensejustering som innbyggarane i området har uttrykt eit klart ønske om, seinast i innbyggarhøyringa som blei offentleggjort 9. februar, der 54 prosent sa dei vil til Strand, seier statsforvaltar Bent Høie.

Allereie i 2016 i samband med det store kommunereformarbeidet, meinte statsforvaltaren at Forsand burde vere ein del av Strand. Høie meiner tilrådinga står seg, spesielt etter opninga av Ryfast.