Han støttar dermed andre ekspertar som meiner at dette kan vera årsaka til at USA set i gong eiga etterforsking av Iran-skandalen som Statoil har vore innblanda i.
Sanksjonar og truslar
- Me veit jo korleis USA styrer med olja i Irak. Me er kjent med at dei brukar sanksjonar og truslar for å gjere det vanskeleg for selskapa å drive i enkelte land, seier Langeland.
I går vart det klårt at USA set i gong eiga etterforsking kring Statoil sin avtale med selskapet Horton Investments i Iran. Denne avtalen om å få gode råd om forretningsdrift i Iran, førte til at Statoil vart sikta for korrupsjon, og Økokrim i Norge gav selskapet ei bot på 20 millionar kroner.
Politisk motivert
Øystein Noreng ved Handelshøyskolen BI sa i går at at USA si ekstraetterforsking kan vera politisk motivert. Fordi USA sine eigne oljeselskap ikkje får arbeida der, og fordi USA då heller ikkje likar at andre land satsar i Iran. Dette resonnementet gir Hallgeir Langeland si fulle støtte.
Han peikar på kva som blandt anna skjer i Cuba.
Er redde amerikanarane
- Der er det mange norske selskap som ikkje går inn. Statoil er sterkt ønska på Cuba, men dei tør ikkje gå inn fordi dei er redde amerikanerane, seier Langeland.
Statoil har hittil berre sagt at dei vil samarbeide med etterforskarane i USA. I dag skal selskapet ha styremøte i Oslo.