Programleiar og dommere: Christine Hope, Andreas Feet og Jenny Skavlan.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKSuksesstrioen Christine Hope, Jenny Skavlan og Andreas Feet held styr på deltakarane, som kjem frå heile landet. Blant dei finn vi både lege, arkitekt, lærar og sjukepleiar, men ein ting har dei felles: Lidenskapen for å sy.
Gjennom 24 episodar får dei brynt seg på alt frå paljettar til ullstoff når dei skal redesigne gamle plagg eller sy etter mønster. Kvar veke blir toppa med ei kundeoppgåve, og her dukkar det opp både kjente og spennande kundar!
Miljøet står i fokus også i år, når dei tryllar fram dei lekraste antrekk av brukte tekstilar og ukurante metervarer frå nedstøva lager. Over klippeborda oppstår det fine vennskap og eit sterkt samhald, trass knallhard konkurranse.
I åtte veker skal dei le og gråte, kjempe og sy, fram til ein vinnar står att. Følg realitydramaet tre dagar i veka, søndag, onsdag og torsdag gjennom åtte veker til endes.
Desse er med i Symesterskapet
Åshild Titland (21) hotellsjef på Vega.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKZenab Mahmood (34) er lærar i Oslo.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKGuro Lindahl Flåten (30), digital designar frå Svarstad bur i Oslo.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKGro Marwold (62) bur i Oslo, prosjektleiar i reklamebyrå.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKEmanuel Waal Hem (35) frå Oslo, danselærar, frilans-dansar og dragartist
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKMarianne Wilhelmsen (39) frå Alta, lærar på ungdomsskole.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKIda Evenrød (37) frå Fredrikstad bur i Oslo, ingeniør i bioteknologi.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKRoberto Espinoza (59) frå Chile, bur i Moss, pleieassistent på sjukeheim.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKTarjei Robertsen (26) frå Tromsø, sjukepleiar.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKVeronika Møgster (43) frå Kolbeinsvik i Austevoll, dagleg leiar i plan- og rådgjevingsselskap.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKMargrethe Oma (30) frå Sola, bur i Volda, lege.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKTuri Rudningen Galta (43) frå Gol bor i Stavanger, arkitekt.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRKBli med på syfesten
Nytt denne sesongen er at alle blir invitert med på syfest. Det blir mulig å laste ned mange av mønsteroppgåvene, og sjølvaste Jenny Skavlan og Andres Feet viser trinn for trinn korleis folk sjølv kan sy det som dei syr i Symesterskapet.