Sjukehusprest Torfinn Skarpaas, er vand til å møte folk i sorg, uro og krise.
Han veit også mykje om kva det betyr å få eit organ i gåve.
– Det har betydd at eg lever i dag, seier Skarpaas. Han blei levertransplantert i 2012.
Torfinn Skarpaas er sjukehusprest og blei levertransplantert i 2012.
Foto: Heidi Gomnæs / NRKSkarpaas er prest på Sjukehuset Østfold. Sidan 10-års alderen var han kronisk sjuk, men i 2012 blei det kritisk. Da svikta levra.
Han var da småbarnspappa og i jobb som prest på sjukehuset.
– Om eg ikkje hadde fått behandling, så ville eg vore død i dag. Så eg er kjempetakksam for at nokon valde å gjere det.
– Det var ingen annan veg for meg enn ein transplantasjon.
Stort behov
– Det er fallande tal på menneske som donerer organ, og det er eit aukande behov for organ.
Det seier donoransvarleg overlege på Sjukehuset Østfold, Cecilie Ruud Kvisler.
Donoransvarleg overlege på Kalnes, Cecilie Ruud Kvisler
Foto: Heidi Gomnæs / NRKSjukehuset Østfold er eitt av 28 godkjente donorsjukehus i Noreg. Det vil seie at dei er godkjente for organuttak.
Men tilbodet er ikkje lik etterspørselen:
Behovet for fleire donorar er stort, og overlegen håpar fleire blir klar over at dei kan redde liv.
– Ein donor gir i snitt mellom tre og fire organ. Det kan bety at vedkommande gir livet i gåve til tre eller fire menneske, seier overlegen på Sjukehuset Østfold.
Éin avdød donor kan redde opptil sju liv.
Foto: Heidi Gomnæs / NRKI 2024 ga 105 avdøde donorar organ til 393 pasientar i Noreg, noko som stadfestar ein nedgåande trend i talet på organdonasjonar sett i eit tiårsperspektiv, viser tal frå Oslo universitetssjukehus og Stiftelsen Organdonasjon.
Det uroar stiftinga, som viser til at 583 personar stod på venteliste for nytt organ ved utgangen av 2024.
Dei er også bekymra for at ikkje alle nordmenn alltid blir vurderte, sjølv om dei sjølv har eit ønske om det.
Stiftelsen Organdonasjon har vore med på arbeidet med ein ny rapport, som peikar på alvorlege manglar ved organdonasjonsverksemda i Noreg, og foreslår konkrete tiltak for forbetring.
Har du gjort deg opp ei meining?
For spørsmålet kjem ofte brått på. Dei som kan donere bort organ, er dei som døyr av ein hjerneskade, forklarer donoransvarleg på Sjukehuset Østfold.
Har du gjort deg opp ei meining om organdonasjon?
Foto: Heidi Gomnæs / NRKMen for at det skal skje, må helsepersonell få avklart at den døyande pasientens ikkje har vore imot organdonasjon.
– Da må pasienten ha sagt at vedkommande ønsker å donere organa sine etter sin død.
Elles blir pårørande spurt om kva dei trur ville vore ønsket til pasienten, dette kan vere ei ekstra utfordring å ta stilling til i ein vanskeleg situasjon.
Overlegen håpar folk gjer seg opp ei meining og fortel sine næraste kva dei ønsker.
Sjukehuset Østfold er eit donorsjukehus
Foto: Heidi Gomnæs / NRK– Det viktigaste er at ein seier det høgt: Om eg døyr og ikkje kan bruke organa mine lenger, ønsker eg at det skal vere mogleg for andre å leve vidare med dei, seier Cecilie Ruud Kvisler.
Sjukehuspresten håpar på ei endring
I dag lever sjukehuspresten på 51 år eit normalt liv.
– Eg har det veldig bra.
Som prest på eit akuttsjukehus ser han det store behovet for organdonasjonar.
– Det hadde vore kjempeflott om det normale var at sjølvsagt gir vi organ. Og så var det unormalt at vi ikkje ga. Det hadde vore fint om vi fekk ei endring på det.
Sjukehuspresten møter menneske i sorg, uro og krise.
Foto: Tomas Berger / NRK– Fordi det står jo om livet. For min del var det livreddande. Så dess færre organ som er der, dess færre liv blir redda.
– Det er litt brutalt. Men sånn er det.