Hopp til innhold

Mange treng perfekt vitnemål for å kome inn på draumestudiet

Eileen brukte tre år og titusenvis av kroner for å kunne studere medisin. Studentleiar meiner unge i framtida må sleppe det same.

Eileen Kolberg, medisinstudent,

VANSKELEG OPPTAK: Eileen brukte over tre år på å kome inn på medisin i Oslo.

Foto: Edvard Kamperud Nygaard / Privat

VANSKELEG OPPTAK: Eileen brukte over tre år på å kome inn på medisin i Oslo.

Foto: Edvard Kamperud Nygaard / Privat

Etter at Eileen Kolberg (26) frå Lesja var ferdig med vidaregåande, brukte ho tre og eitt halvt år på å kome inn på draumestudiet: medisin ved Universitetet i Oslo (UiO).

– Det blir jo ein veldig lang veg, seier medisinstudenten, som berre har att eitt og eit halvt år.

Ho måtte bruke både tid og pengar som privatist på å ta realfag ho mangla, og heve karaktersnittet sitt. Saman med eit år på høgskule fekk ho ekstra studie- og alderspoeng.

Då strakk ikkje deltidsjobb og lån til. Ho måtte bruke av sparepengane sine, noko ho skjønner ikkje er mogleg for alle.

– Det er veldig synd at vi kanskje mistar veldig mange gode legar ved at det blir ein så omstendeleg veg.

Sjølv om medisin er faget med høgast poenggrense, er dette ei problemstilling for andre studium, som juss, tannlegestudium og psykologi. Fleire vil difor endre opptakssystemet.

Dei mest populære studia har opptakskrav på godt over 60 poeng Aleksei hadde ingen backup plan til medisinstudium

Aleksei Önnesepp (20)

Vil vekk frå dyre privatistordningar

Solberg-regjeringa sette i fjor ned eit opptaksutval. Dei ser blant anna på korleis opptakssystemet kan bli mest mogleg rettferdig. Utgreiinga av dette kjem innan 1. desember.

– Eg forventar at vi tenker nytt, seier Maika Marie Godal Dam.

Maika Marie Godal Dam

NSO meiner opptakssystemet slår skeivt ut økonomisk for studentar.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Ho er leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO). Dei er tydelege på at utvalet må presentere store løysingar på det dei meiner er grunnleggjande problem.

– Som at komande studentar brukar titusenvis av kronar på dyre privatistordningar.

Ei mogleg løysing er å sjå til Danmark, der motivasjon og erfaring blir meir vektlagt.

– Vi trur det kan få ned det stadig aukande karakterjaget vi ser i dag, seier Godal Dam.

Frå opptaksprøver til loddtrekning

Mange av studia med høgast krav er på UiO. Her meiner dei det går an å tenke nytt.

Viserektor ved universitetet, Bjørn Stensaker, legg vekt på at det er viktig med mangfald på forskjellige studium.

Då er ikkje alderspoeng nødvendigvis det beste verkemiddelet.

– Kjønn er ein viktig dimensjon som kanskje bør bli lagt sterkare vekt på, og etnisk eller regional tilhøyre kan også vere alternativ.

Viserektor Bjørn Stensaker

Viserektor ved UiO meiner mangfald burde vere ein viktig faktor i eit opptakssystem.

Foto: Jarli & Jordan / UiO

UiO har blant anna foreslått til utvalet at ein kan avgrense kor mykje det går an å betre karakterar, og heller bruke opptaksprøver, intervjuar og loddtrekning.

– For å kome inn på dei mest populære studia er det berre tidelar som skiljar. Går du ut med nesten berre seksarar, og likevel ikkje kjem inn, så er du likevel kvalifisert, og sikkert også motivert.

Vil ha fleire unge fortare i arbeid

For Høgre, som var med å setje ned utvalet, er det særleg alderspoeng dei vil ha bort. Stortingsrepresentant Aleksander Stokkebø (H) meiner for mange brukar årevis på å ta opp fag og samle alderspoeng.

– Det er ei dårleg løysing, både for den enkelte som brukar verdifull tid, men også for samfunnet som treng fleire unge i arbeid.

Aleksander Stokkebø - Stortingsrepresentant H

Høgre-representanten meiner det blir karakterinflasjon med det noverande systemet.

Foto: William Jobling / NRK

Stokkebø legg til at alderspoeng ikkje er eit problem i seg sjølv, men at opptakssystemet gjer at dei som ventar med å studere blir lønna.

– Vi ser at det blir inflasjon i karakterane, som gjer det vanskeleg for unge å kome inn på draumestudiet. Det vil vi gjere noko med.

Ser på fleire løysingar

Kva som blir konklusjonen til utvalet blir ikkje klart før i vinter. Likevel understrekar leiar i utvalet og mangeårig Ap-politikar, Marianne Aasen, at karakterar enno vil vere viktig.

– Men dette med alderspoeng, tilleggspoeng og privatisteksamen vil vi vurdere.

Marianne Aasen

Utvalet kjem med sine konklusjonar i desember.

Foto: Su thet mon / NRK

Då blir det kanskje fleire avgrensingar på kva ein kan samle gjennom fleire år.

Utvalet ser både til Danmark og Sverige for andre løysingar.

– Vi vil at fleire skal starte tidlegare å studere. Mange ventar for lenge med høgare utdanning, fordi det er vanskeleg å kome inn.