Hopp til innhold

Musikkfestival nektar lokalavisa å komme: – Det blir stopp i døra

«Du er invitert til 30-årsjubileet til Eiker Rock. Det er ikkje Drammens Tidende». – Komisk, seier redaktør.

Åge Aleksandersen, Eiker Rock

I løpet av dei åra Eiker Rock har eksistert, har over 1250 musikarar fordelt på over 250 band gjesta festivalen i Mjøndalen. Her frå då Åge Aleksandersen stod på scena og trønderrocka.

Foto: Eiker Rock

Slik smell den klare beskjeden frå festivalleiinga til lokalavisa.

Bakgrunnen er at musikkfestivalen meiner Drammens Tidende (DT) nedprioriterer kulturen – særleg Eiker Rock. Dette sjølv om festivalen er ein av Noregs lengst levande.

Arrangør av Eiker Rock, Tor Erik Fredheim, grunngir ytterlegare.

– Den generelle måten og vinklinga DT har mot kulturlivet, er eit teikn på at dei ikkje veit kva slags ansvar dei har.

Fredheim seier dei brukar jubileet til å markere dette standpunktet i håp om å få ein breiare debatt om kva for rolle lokalavisene skal ha.

Synest du lokalavisene gjer ein god nok jobb i å dekkje kulturarrangement?

– Har ikkje skrive eitt ord om oss!

«Gjennomgåande for oss og andre liknande aktørar har svaret frå Drammens Tidende vore at førehandsomtale er uaktuelt – det blir sett på som reklame, og då må me kjøpe annonsar. Me ser poenget. Men det stoppar for oss når Drammens Tidende møter opp på dei same arrangementa, stort sett for å produsere «sjå kven som var på»-artiklar, fordi det genererer klikk. Og det tener Drammens Tidende pengar på!», skriv festivalleiinga i dette innlegget der dei går i strupen på lokalavisa.

– Fredheim, gjer de ikkje dette verre ved å ekskludere DT heilt?

– Me diskuterte eventuelle konsekvensar, men for oss har det ikkje så mykje å seie. Viss du søkjer «Eiker Rock» på DT sine nettsider, får du null treff. Dei har ikkje skrive eitt einaste ord om oss uansett! svarar festivalsjefen.

Tor Erik Fredheim

Dagleg leier i Eiker Rock, Tor Erik Fredheim, vil ikkje ha Drammens Tidende på festivalen sin. Boikotten blir forklart med at «Drammens Tidende ikkje tek ansvar».

Foto: Eiker Rock

Meiner det er eit PR-stunt

Espen Sandli er ansvarleg redaktør i Drammens Tidende. Han reagerer slik:

– Eg synest at heile utspelet er komisk.

På kritikken om at DT nedprioriterer kulturdekninga, svarer han at den generelle kulturdekninga til avisa har vorte vesentleg betre og blir lesen av «ganske så mange» etter at dei hadde ei opprydding med tanke på kva som treffer lesarane.

– Elles ser eg på dette mest som eit PR-stunt. NRK plukkar opp hansken, og då har dei lykkast med det.

Espen Sandli, Drammens Tidende

Espen Sandli er ansvarleg redaktør i Drammens Tidende. Han synest festivalleiinga opptrer komisk og kallar det eit PR-stunt.

Foto: Azad Razaei / NRK

Sandli meiner at viss Eiker Rock hadde ønskt ein ordentleg debatt, ville dei ha teke kontakt med DT og sagt kva det er som ikkje fungerer.

– Det dei ønskte er å ha førehandsomtale slik at dei sel billettar. Ganske gammaldags, og det blir ikkje lese. Det er ikkje oppgåva vår å vere eit marknadsføringsorgan for Eiker Rock, påpeikar redaktøren.

Meiner festivalen må vere oppdatert

– Fredheim, er dette eit PR-stunt?

– Nei, det er det ikkje. Og for å svare, me har vore i dialog med dei om saker. I år blir festivalen toppa av CC Cowboys. Me lanserer Eiker Rock UNG med unge, lokale musikarar, men fekk beskjed om at «dette ikkje er interessant».

Dirty Deeds

Dirty Deeds frå Mjøndalen er eit AC/DC-tribute band som ofte har spelt på heimebane.

Foto: René Skaret

Sandli innrømmer likevel at dei burde ha laga god journalistikk på Eiker Rock, men legg til at ingen av dei er tente med at det blir laga saker som ikkje blir lesne.

– Eiker Rock treng ei tilnærming som er litt oppdatert på korleis dei når fram til oss, lyder tilrådinga til Sandli, som legg til:

Når det gjeld korleis me løyser det journalistiske oppdraget, så meiner eg me er ganske flinke til å finne dei beste vinklingane for å få sakene godt lese. For kultursaker blir lesne, slår han fast.

Musikk, pils og boikott

– De har feil tilnærming. Kjøper du den?

Det kan godt hende at ein av oss skulle gått ut og snakka om den vonde tida på ein pub ein laurdagskveld for å få trynet i avisa ... svarar festivalsjefen med eit lite stikk.

Han legg til at med årets satsing på unge band og musikarar frå lokalmiljøet, så hadde han håpa det hadde vore interessant for den største lokalavisa i regionen å omtale festivalen.

Men vi vart møtte med ei haldning om at det ikkje er noko å skrive om. Då vart me litt paffe.

Eiker Rock, Mjøndalen

I år vil cirka 130 musikarar fordelte på 24 band og artistar, stå på scena, skriv festivalen som opnar førstkommande helg. Nytt i år er Eiker Rock UNG, ei satsing på unge, lokale artistar.

Foto: Eiker Rock

Begge partar er likevel einige om at dialogen dei imellom kunne vore betre og meir konstruktiv.

Så, forsoning, handtrykk og fredspipe? Blir det litt som Gorbatsjov og Reagan i Reykjavík i 1986?

Til slutt spør vi mannen med det formildande og sindige namnet:

– Fredheim. Er DT framleis uønskt?

– Sandli må gjerne komme og høyre god musikk og ta seg ein pils. Men det er faktisk slik at viss det kjem ein journalist frå Drammens Tidende, så er det stopp i døra.

Eiker Rock startar fredag 2. juni - sjølvsagt utan lokalavisa til stades.