Det er fjerde året på rad at Fiskeridirektoratet legg fram ein rapport om det russiske overfisket. Og resultatet for 2005 er minst like nedslåande som for dei tidlegare åra.
Overfiske
Rapporten slår fast at russiske farty fiska 137.000 tonn for mykje i 2005, og at talet truleg er ein god del høgare. Årsaka er at rapporten ikkje tek høgde for at det blir transportert fiskefilet i staden for rund fisk.
Overfisket i fjor var på 101.000 tonn torsk og 36.300 tonn hyse. Det er første gong hyse er teke med i rapporten.
Det russiske overfisket i Barentshavet var på over 137.000 tonn i fjor. (Foto: Kystvakta/Scanpix)
Det samla russiske fisket er på 315.000 tonn torsk og 87.600 tonn hyse, så overfisket utgjer ein stor del av den totale fangsten. Den russiske kvota er på 213.700 tonn torsk og 51.300 tonn hyse.
Alvorleg
Departementsråd i Fiskeridepartementet, Jørn Krog, som også er norsk forhandlingleiar i fiskeriforhandlingane med Russland, kallar det russiske overfisket for svært alvorleg.
Han meiner overfisket er den verste miljøkriminelle aktiviteten i Noreg sine nærområde, og at norske styresmakter ser svært alvorleg på det. Det er både tjuveri og miljøkriminalitet, seier han.
Krog fortel at russiske styresmakter konsevent nektar å godta dei norske tala, sjølv om dei ikkje avviser at det går føre seg eit russisk overfiske i Barentsshavet.
- Russarane meiner tala våre er feil, og at omfanget er langt mindre enn det vi påstår, seier Jørn Krog.
Russiske tiltak
Det russiske overfisket er eit viktig tema i dei norsk-russiske fiskeriforhandlingane. Russiske styresmakter seier dei ser alvoret i situasjonen, og dei har lova å setje i verk tiltak for å få slutt på overfisket.
Likevel er det få slike saker som kjem så langt som til det russiske rettsapparatet. Dette ikkje minst fordi russisk lov har svært strenge dokumentasjonskrav.
- Likevel er det ein del lyspunkt. Det er vårt inntrykk at russiske styresmakter ser på overfiske-problematikken med stigande alvor. Informasjonsutvekslinga er også betre enn tidlegare, sier Jørn Krog.
Rapporten frå Fiskeridepartementet er omsett til russisk og oversendt til russiske styresmakter.
Sinte fiskarar
Fiskebåtredernes Forbund reagerer som venta sterkt på overfiske-tala frå 2005.
Administrerande direktør Audun Maråk seier i ein kommentar at det russiske overfisket er eit brotsverk mot norske fiskarar, og ber fiskeiminister Helga Pedersen (Ap) straks ta opp saka med sin russiske kollega.
- Mitt råd til henne er å setje seg på første fly til Moskva, og ikkje kome tilbake før ho har kome til semje med russarane, seier Maråk.