Hopp til innhold

Solid oppgang på børsen

Hovudindeksen på Oslo Børs steig fredag med 3,51 prosent. Børsen vart ein av dei beste i Europa.

Oslo Børs uke 4, 2008
Foto: NRK

Hovudindeksen endte opp på 409,12 poeng. På det høgste var den på 412,82 poeng.

Høyr: Børsintervjuet fredag 25. januar

Dermed er den gode stemninga komen tilbake hos investorane. Storparten av nedgangen tidlegare i veka er henta inn igjen.

Les:  Verste børsdag på 17 år

Vinnarane

På toppen av vinnarlista finn ein i dag Aker BioMarine som går opp 20,33 prosent.

TGS-NOPEC Geophysical Company stig med 14,12 prosent. Int. Gold Exploration går opp 12,50 prosent.

Taparane

NorDiag har størst nedgang på 13,33 prosent.

Tandberg Storage var den store vinnaren torsdag med 21,25 prosent oppgang. I dag er selskapet nummer to på taparlista. Nedgangen er på 9,79 prosent.

Selskapet la fredag morgon fram resultata frå fjerde kvartal. Dei viser eit driftsresultat etter skatt på minus 7,9 millionar kroner av ei omsetning på 73,4 millionar kroner.

Betre oljepris

Både i Europa og Asia låg børsene på plussida i dag. Dei amerikanske børsane opna også med ein fin oppgang fredag ettermiddag.

Oljeprisen har også gått opp sidan torsdag. Råvarehandelen i London prisar Nordsjøolje for levering i mars til 90,73 dollar fatet. Det er ein oppgang på 1,86 prosent.