HEKTISK: Uvanleg hektiske tilstandar i laksenæringa.
Dei norske lakseeksportørane har dei siste dagane arbeidt hardt for å selje så mykje laks som mogeleg til EU før straffetollen blir innført.
Også transportfirmaene har det travelt med å frakte fisken til marknaden.
Minstepris
NTB skriv at det samstundes blir arbeidt for at straffetollen skal erstattast av ein minsteprisavtale allereie innan utgangnen av mai.
I dag var det eit møte i Brussel mellom representantar for EU-kommisjonen og næringsutøvarar i laksenæringa i Noreg og EU.
På møtet skal partene ha blitt samde om at ein ny minsteprisavtale skal vare i ni månader i første omgang.
Alt etter kva som blir grensa for minsteprisen, vil ein minsteprisavtale vere lettare å leve med for den norske næringa enn ein straffetoll på i gjennomsnitt 16 prosent.
Ikkje bankgarantiar
På møtet skal det også vere oppnådd semje om at bankgarantiane som blir kravde for eksport av laks til EU frå i dag, ikkje må innfriast, men skal frigjerast når den nye ordninga trer i kraft.
Laksenæringa har nå gått i tenkeboksen, og skal gje tilbakemelding om sitt syn til kommisjonen innan kort tid.
NTB skriv at det ikkje har vore mogeleg å få informasjonen stadfesta frå ei offisiell kjelde.