Slik vil dei få meir ut av feltet og pumpe opp meir olje. Dermed kan det bli både attraktivt og lønsamt å byggje gasskraftverk med CO2-rensing. Planane blir lagde fram i føremiddag.
Stort industriprosjekt
Det er eit stort industriprosjekt i regi av Statoil og Shell - og det handlar om energi og miljø. Dei to selskapa held korta tett til brystet - prosjektet skal først presenterast seinare i dag.
Men etter det vi har grunn til å tru, vil selskapa leggje fram planar for eit gasskraftverk på land, der klimagassen CO2 skal fraktast til Draugen-feltet i Norskehavet. Her skal gassen pumpast ned i eit reservoar, og brukast til å kunne drive ut meir olje frå dette feltet, som Shell er driftsoperatør for.
Lønnsamt
Dermed vil Shell kunne vere villig til å betale for CO2-gassen. Det å byggje gasskraftverk med CO2-reinsing blir dermed lønnsamt. Til no har det vore vanskeleg å få nokon til å satse på dette, fordi det har vore svært dyrt.
Fleire stader i landet kan vere aktuelle for å byggje eit slikt anlegg, mellom anna Tjeldbergodden og Fræna i Møre og Romsdal. At det er snakk om mange arbeidsplassar, er heilt klart. Det som også er klart, er at det som Statoil og Shell i dag legg fram planar for, vil vere svært interessant sett i lys av det store kraftbehovet i Midt-Noreg.
Legg fram planar
Klokka 9.30 presenterer Statoil og Shell planane i Oslo - ein time seinare er det internasjonal pressekonferanse i Brussel. At dette er eit prosjekt med store dimensjonar er det ingen tvil om - ei heller at dette er noko som miljørørsla vil helse svært velkommen.
Og styresmaktene kan oppfylle meir av målsetjinga i Kyoto-avtalen.