Hopp til innhold

Orkla-sjefen går av

Konsernsjefen i Orkla, Åge Korsvold, varslar at han går av så snart selskapet har funne ein etterfølgjar.

Åge Korsvold

Åge Korsvold gir seg som konsernsjef for Orkla.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– I løpet av min periode som konsernsjef har Orkla vore gjennom ei stor omstilling. Det har vore spanande og inspirerande å leia dette arbeidet. Merkevareverksemda står no godt rusta til å møta framtidige utfordringar, og for meg er det naturleg å gje stafettpinnen vidare no, seier konsernsjef Korsvold i ei pressemelding frå Orkla.

Store endringar

Åge Korsvold blei konstituert som konsernsjef den 30. april 2012 og styret vedtok i august same året å forlenga engasjementet.

Det har skjedd store endringar i selskapet under Korsvold. På litt over eit år skifta han ut heile konsernleiinga i Orkla og nesten heile leiarskapet i Orkla brands Nordic.

– Eg vil takka Åge Korsvold for den ekstraordinære innsatsen og krafta han har tilført Orkla i samband med omstillingsprosessen, seier styreleiar Stein Erik Hagen i pressemeldinga frå Orkla.

Styret vurderer no både eksterne og interne kandidatar til å ta over etter Korsvold.

Orkla er det største norske privateigde industrikonsernet. Selskapet har verksemd i over 40 land innan blant anna aluminimum, material, merkevarer, finansiele investeringar og tilknytta selskap som Jotun, Sapa og Hydro Power.

Saka blir oppdatert!