Hopp til innhold

- Norske leiarar for svake på sjekk av levarandørar

Norske firma sjekkar i langt mindre grad enn selskap elles i Europa leverandørar, agentar og andre samarbeidspartnarar, går det fram av ei undersøking.

Dette går fram av undersøkinga Ernst & Youngs Global Fraud Service, der over 1750 leiarar i økonomifunksjonar i 43 land over heile verda er intervjua om synet på korrupsjon og bestikkelsar.

Førstestatsadvokat Elisabeth Roscher i Økokrim

Elisabeth Roscher var førstestatsadvokat i Økokrim før ho vart partnar i Ernst & Young.

Foto: Johan B. Sættem

Berre 12 prosent av dei norske selskapa bryr seg med å finne ut av eigarskapet bak leverandørselskap og andre samarbeidspartnarar, såkalla tredjepartar. I Europa elles svarar 50 prosent at dei gjennomfører slike sjekkar.

– Risikerer straff

– Manglande sjekk av tredjepartar er ikkje berre noko som kan gå ut omdømmet til selskapet. Det blir no stilt stadig strengare krav til antikorrupsjonsprogram i internasjonal korrupsjonslovgiving, til dømes i Bribery Act i Storbritannia, seier Elisabeth Roscher, partnar og leiar for Ernst & Youngs norske granskingseining (Fraud Investigation & Dispute Services).

Det betyr, seier ho, at norske verksemder risikerer å bli straffa dersom nokon knytt til verksemda, til dømes agent eller mellommann, har gjort seg skuldig i korrupsjon, og selskapet ikkje kan vise at dei har gjort skikkelege bakgrunns

Leiarar i norske selskap trur i mindre grad enn leiarar i andre land at korrupsjon er utbreidd i den nasjonale marknaden. Berre 14 prosent av norske leiarar trur korrupsjon er utbreidd, medan 40 prosent av leiarane på global basis meiner dette er eit stort problem i deira land.

– Manglar prosedyrar

Samstundes seier 50 prosent av leiarane her i landet at investeringar i nye marknader inneber ny og auka risiko. Dette er langt høgare enn for resten av Vest-Europa og verda elles.

– På denne bakgrunnen er det oppsiktsvekkjande at berre 29 prosent av dei norske leiarane rapporterer å ha rutinar og prosedyrar for bakgrunnsundersøkingar, når tala er 51 prosent for Vest-Europa og 56 prosent på verdsbasis, seier Elisabeth Roscher i ei pressemelding.

Norske selskapet gjer også langt sjeldnare enn i andre land fulle finansielle og juridiske gjennomgangar (due intelligence) før og etter at dei gjer oppkjøp.

LES OGSÅ: - Yara risikerer kjempebot i USA

LES OGSÅ: Kriminalitet er en av verdens største økonomier

LES OGSÅ: Giftmord, svik og maktkamp