Nær 400 billionar vekke frå børsen

2011 vil gå inn i historiebøkene som eit magert år for verdsøkonomien. Verdiar for svimlande 380 billionar kroner er blitt tapt på børsane.

US-132185462 Wall Street Struggles To Gain Back Ground After Major Losses

Aksjemeglarar på Wall Street vise misnøye etter at gjeldskrisa i Hellas førte til sterk nedgang i marknaden i haust.

Foto: SPENCER PLATT / Afp

Eurokrisa er truleg ein av hovudårsakene til at den globale aksjemarknaden har gått ned med heile 12,1 prosent i 2011.

Det tilsvarar 380 billionar kroner – med tal vert det skrive slik: 380 000 000 000 000.

– Investorar var meir optimistisk i starten av året, men dei var nøydd til å innsjå at det enorme gjeldsnivået i verda ville setje ein stoppar for veksten, seier Navtej Nandra i investeringsbanken Morgan Stanley til avisa Financial Times.

Også her heime i Noreg har den dårlege verdsøkonomien prega Oslo Børs. Hovudindeksen starta året med rundt 430 poeng, og har falle med 12,46 prosent, og ligg på 384 poeng ved årets slutt.

Det har gått spesielt dårleg i den asiatiske marknaden i år. Nikkei-indeksen i Japan har gått ned 17,3 prosent, Hang Seng-indeksen i Hong Kong er ned 20 prosent og børsen i Shanghai har falle med heile 22 prosent.

Få lyspunkt i 2012

Analytikarar spår at neste år kjem til å starta dårleg ut, då Europa framleis slit med gjeldskrisa.

Den største utfordringa i dei første månadene i 2012 kjem til å bli handteringa av hundrevis av milliardar av den europeiske statsgjelda som no vil bli moden for tilbakebetaling.

Trass i ei rekke krisemøte i Euro-sonen, vil mange land i Europa møte rekordstore offentlege utgifter i året som kjem.

– Europeiske leiarar har ingen val utanom å gjennomføre seriøse kutt for å ordne opp etter årevis med uansvarleg offentleg forbruk. Men slike kutt vil garantere at den europeiske økonomien vil bli råka hardt, seier Kevin Gibbis i investeringsbanken Morgan Keegan til Marketwatch.com.

LO-leiaren fryktar redselsscenariet

LO-leder Roar Flåthen

- Regjeringa må stå parat med finansiering for konkurranseutsett næring i tilfelle kredittørke, meiner LO-leiar Roar Flåthen.

Foto: Schjetne, Steinar / Scanpix

LO-leiar Roar Flåthen seier i eit intervju med NTB at han fryktar fullt kaos dersom den europeiske gjeldskrisa fører til bankkollaps i 2012.

– Denne gongen vil det bli verre enn i 2008, for no er mange av verkemidla mot lånetørke og bankkrise brukt opp. Det er sjølve redselsscenariet, seier Roar Flåthen til NTB.

Flåthen veit at det kjem permitteringar, oppseiingar og nedleggingar i norsk næringsliv til neste år. Han understrekar at det er viktig at staten går aktivt inn og hindrar dei verste konsekvensane.

– Det er viktig å bidra til at så mange bedrifter som mogleg er i stand til å kome seg gjennom det verste, slik at dei står klare når krisa gir seg, seier han.