Hopp til innhold

Kreative søk i skattelistene

Vil du ha meir ut av skattelistene enn berre ei rad med namn og tal, finn du gode tips her til kreative søk!

I 2006-utgåva av NRKs skattelistesøk kan du søkje etter både privatpersonar og firma (aksjeselskap) som skatter til Noreg.

Du kan også opprette di eiga, «personlege» skatteside, og samanlikne inntekta, skatten og formuen din med andre.

Søk i skattelistene 2006 her!

Meir om: "Mi side" - ei personleg skatteside

Slik leser du skattelistene

Enkelt søk i skattelista

I NRKs skattelistesøk kan du søkje på førenamn, etternamn, fylke, kommune og alder. I avansert søk har du fleire mogelegheiter.

NB: Dersom du berre søkjer i etternamn-feltet, må du fylle ut minst tre teikn. Dersom etternamnet ditt er kortare enn tre teikn, må du òg fylle ut eitt av dei andre felta.

 

Mellomnamn vert rekna som førenamn. Om du leitar etter ein person som heiter «Ola Skatt Nordmann», skriv du «Ola Skatt» i feltet for førenamn, og «Nordmann» i feltet for etternamn. Pass på at du stavar førenamnet og etternamnet rett.

Hugs at mange kan hete det same i kvar kommune. Derfor finn du lettare den du søkjer dersom du fyller inn alderen.

Under knappen ”sortering” på søkesiden får du opp fleire valg.

Utgangspunktet er at søket blir sortert på etternamn. Dette kan du endre slik at resultata i staden blir sortert etter:

* Førenamn

* Inntekt

* Formue

* Skatt

* Fødeår

* Postnummer

Resulttaa kjem i synkande rekkefølgje. Ved å trykke inn knappen ”stigande”, endrer du dette.

Husk: Jo mer presise søk du lagar, desto lettare er det å finne den du søkjer etter.

Dei mest presise søka kan du gjøre under ”avansert søk”. 

Avansert søk i skattelista

I det avanserte søket kan du søkje på fleire måtar. Det er lurt å spesifisere søket om du vil ha relevante treff frå skattelista.

Du finn lenkje til meir omfattande/presist søk ved sidan av søkeknappen i det enkle søket (sjå blå lenke "Avansert søk"). Fleire søkjefelt dukker opp. Her kan du søkje på postnummer, poststad, fødeår og inntektsintervall. 

”Fødselsår”

Veit du nøyaktig når personen du søkjer etter er født, kan du legge inn fødeår direkte, i staden for å oppgje eit intervall.

Du kan til dømes søke på alle i kommunen med same fødeår som deg. Der finn du truleg mange av klassekameratane dine. Vaks du opp i ein stor kommune, kan du finmaske søket ditt ved å nytte postnummer-feltet.

”Postnummer”

Ved å fylle ut postnummer direkte kan du til dømes finne ut kven som tener mest eller har den største formuen der du bur.

”Inntekt fra-til”

Her kan du leggje inn inntektsintervall. Søket blir då gjort blant personar som har ei inntekt som liggjer innanfor intervallet.

Dette kan til dømes nyttast til følgjande søk:

Kven i nabolaget mitt er fødd i same år som meg, og kva tener dei? Då vel du fødeår, skriv inn postnummer, og trykkjer «Søk». Du vil då få ei resultatliste som viser dei på postnummeret ditt som er fødd same året som deg - og sjølvsagt skatteopplysningane.

Kreative søkjetips

Hugs: du kan søkje i mange kombinasjonar med avansert søk.

Kva tener til dømes andre med same førenamn som deg? Du kan og søke opp "halve slekta" på etternamn, og sjå kva for ein onkel det vil løne seg å ha eit godt forhold til. Og så kan du kanskje oppdage at nokon i familien kan trenge ein ekstra fin julegåve i år?

Kva med å søkje opp gamle klassekameratar, legge dei til i ei eiga liste som du kan kalle "Klasse 9b - slik gjekk det", og legge lista ut på Facebook? Det er jo ikkje sikkert at det er skulens duks som har gjort det best i ettertid?

Søk etter foretak / firma

I NRKs skattelistesøk for 2006, kan du også søkje bland norske foretak (aksjeselskap) som skattar til Norge.

Du må oppgje namnet til firmaet du søkjer etter. Du kan også søkje på foretaksnummer (organisasjonsnummer).

Kjenner du firmaet sitt organisasjonsnummer, kan du legge inn det direkte. Organisasjonsnumra finn du i Brønnøysundregistra. www.brreg.no

Opplysningar om skattelistene

Skattelistene inneheld ikkje opplysningar om personar utan fast bustad. Dei gir heller ikkje opplysningar som kan røpe eit klientforhold, til dømes om personar som bur på psykiatrisk sjukehus eller er fengsla. Avlidne personar er og tatt ut av søket.

Attende til søk i skattelistene 2006