Hopp til innhold

"Mi side" - ei personleg skatteside

Du kan opprette di eiga «personlege» skatteside, og samanlikne inntekta, skatten og formua di med andre. Herfrå kan du også tipse venene dine, til dømes på Facebook.

Nytt i år er at du kan legge søkeresultat som interesserer deg, inn i ei eiga personleg skatteliste - "Mi skatteliste".

Der kan du til dømes samanlika deg med familie, vener, arbeidskollegaer eller kjendisar, og få fram tal på forskjellane dykk imellom.

Meir om sjølve søket: Kreative søk i skattelistene

Slik leser du skattelistene

Søk i skattelistene 2006 her!

«Dette er meg»

Når du får opp eit søk, kan du velge å bekrefte at dette er deg ved å trykke på knappen «Dette er meg». 

Då vil du få opp fleire mogelegheiter til å sjå kva skattepengane kan brukast til, og kva du har å boltre deg for, når skatten er betalt.

(Alle tal som er nytta i utrekninga er innhenta av NRK i september/oktober 2007, men tala gjeld 2006.)

Samanlikne skatteopplysningar

Har du klikka på knappen «Dette er meg», kan du klikke på knappen «Samanlikn N.N. med meg». Då får du opp ei grafisk samanlikning mellom dine skatteopplysningar og dei frå andre personer du har søkt opp. Du kan berre samanlikne tala dine med tal frå ein einskild person av gongen.

«Legg til på mi side»

Om du vil samla tal frå fleire personar, trykkjer du på «Legg til i mi skatteliste». Kven i familien tener mest? Kvifor tener eg dårlegare enn kollegaen? No kan du enkelt lage ei liste med prov!

Legg til familiemedlemmar, vener, syskenbarn, kollegaer og kven du vil. Sorter på namn, fødeår, inntekt, formue og skatt. Du kan berre leggje til ti andre skatteytarar på same liste, men du kan sjølvsagt lage fleire lister.

Når du lukker denne personlege nettsida blir informasjonen på lista di sletta. Lista sparer du ved å sende lenka på e-post til deg sjølv, ellr dine vener.

Du kan og kopiere lenka, merke ho som favoritt, eller kvifor ikkje dele den på Facebook? Du kan òg tipse andre på Facebook om sjølve søket.

Hugs: Lista du lager blir ikkje lagra, så send url'en på e-post til deg sjølv, legg sida til i favorittar og legg lenka ut på Facebook.

Attende til søk i skattelistene 2006